Radioaktivitet i gaupe

Publisert av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet Lag rapport

Gaupa står på toppen av næringskjeda og får i seg radioaktivt cesium gjennom forureina byttedyr. Dei høgaste nivåa i gauper finner vi nord i Trøndelag og i Nordland. 

Framleis mykje radioaktiv forureining i gaupe i utsette område

Den radioaktive forureininga frå Tsjernobyl-ulykka overføras framleis frå beitevekstar, via planteetarar, til de store rovdyra på toppen av næringskjeda. Nivåa varierer mykje frå gaupe til gaupe, mellom område og mellom år. Det høgste nivået av cesium-137 som har vore målt i gaupe i Noreg var 31 000 becquerel per kilo i eit dyr frå Hedmark i 1987.

Verdiar på over 5000 becquerel per kilo er også registrert i gauper frå Nordland og Trøndelag felt på 1980- og 1990-tallet. Nivåa har gått ned med åra, men framleis er det svært høge nivå i enkeltindivid frå Nordland og nord i Trøndelag.

Desse områda fekk mykje radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka, og undersøkingar tydar på at meir av det radioaktive cesiumet i jorda er tilgjengeleg for plantene her enn til dømes i Oppland, som også fikk mykje radioaktivt forureining.

I tillegg er det er mykje tamreindrift i desse områda. Eit høgare  innhald av cesium-137 i reinsdyr vinterstid gjer at gauper som tek reinsdyr får meir radioaktivitet i seg.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Ingen påviste konsekvensar for gaupa

Vi har ikkje sett nokon negative effektar på miljøet ved dei nivåa av radioaktiv forureining som er i Noreg.

Radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl-ulykka

I april 1986 eksploderte ein av reaktorane i kjernekraftverket i Tsjernobyl i nåverande Ukraina. Radioaktiv forureining blei spreidd over store delar av Europa. På grunn av vindretninga da ulykka skjedde, fekk Norden mykje radioaktiv nedfall. I Noreg var det fjellstrøka i Sør-Noreg, Trøndelag og sørlege deler av Nordland som fekk mest nedfall av radioaktiv forureining etter ulykka.

Mange av dei radioaktive stoffa som falt ned over Noreg i 1986 hadde kort halveringstid og er nå borte frå naturen, men cesium-137 har en halveringstid på 30 år og vil derfor vere til stades i naturen i fleire tiår til. Denne forureininga sirkulerer nå i økosystema og ein lang halveringstid gjer at vi framleis vil ha radioaktiv forureining i miljøet i lang tid.

Følgjer utviklinga årleg

Statens strålevern følgjer årleg utviklinga av cesium-137 i gaupe og andre store rovdyr i samarbeid med Norsk institutt for naturforskning.