Kulturlandskapet

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport

Det har vore drive byjordbruk i tilknytning til husa som ligg på vestsida av elva i Sogndalstrand. Byjordbruk var vanleg i dei aller fleste norske småbyar og ladestader før, men i dag er det berre i Sogndalstrand og til dels på Røros desse kulturlandskapa er inntakte.

Landskap oppdelt i smale teigar

"Bakkane" i den vestre delen av kulturmiljøet har det mest spesielle landskapet. Her er landskapet oppdelt i smale teigar ut frå husa langs Strandgata til sjøen i vest. Det meste er skrinn grasmark, men det finst også åkerlappar og nokre hagar frå tidlegare tider. I dag blir området skjøtta ved beite og slått.

På Åros finst det åkerlappar, samt jordkjellarar og støttemurar frå tidlegare tider. Ved Bustølen går skillet mellom innmark og utmark, her var det sommarfjøs og mjølkeplass for kyr som var på beite.

I tillegg har Årosåsen lyngheier. Etter mange år med gjengroing, har lokale krefter starta med utegangarsau som beitar i terrenget, og det blir drive skjøtsel med lyngbrenning og ved å hogge ned vegetasjon.