Kulturhistorie

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport

Det har vore handelverksemd i Sogndalstrand heilt frå starten av 1500-talet. Grunnlaget for den fyrste handelen var jordbrukssamfunna i den delen av Dalane-regionen som ligg lengst sør. Seinare hadde skipsreiarar i Sogndalstrand mykje av handelen som foregjekk mellom Bergen og Agder/Austlandet.

Ladestad

Ladestaden var delt i to geografisk fråskilde område. Det meste av busetnaden og senteret for handelsverksemda voks fram i Sogndalstrand. Den andre delen av ladestaden låg i Rekefjord, eit par kilometer lenger vest. Her var det ei god hamn for vinteropplag og reparasjon av skuter. Der låg tollstaden frå 1641, og seinare vart det også damskipkai.

Konkurranse førte til eksport

Både handelsverksemda og fisket var sterkt konjunkturavhengig. 1700-talet var hovudsakleg ein vekstperiode, medan tida rundt århundreskiftet var prega av stagnasjon i handel og fiske. Rundt 1810 kom det nye sildeinnsig som førte til vekst både i fiske, handel og sjøfart.

Etter kvart overtok konkurrerande ladestader og byar stadig meir av kysthandelen. Sogndalstrand starta då opp med eksport av fersk fisk, særleg makrell og laks. Dette ga god inntekt og fortsatt vekst for staden.

Stagnasjon i hundre år

Etter at dampskipa overtok, vart Sogndalstrand liggjande utanfor den  ferdselsåra som var mest vanleg. Frå 1870-talet og dei neste hundre åra stagnerte samfunnet. Sett i ein kulturhistorisk samanheng har dette redda staden og kulturlandskapet som ligg rundt frå omfattande nybygging og nedbygging.