Bygningsmiljøet

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport

Dei fleste av dei eldre bygningane i Sogndalstrand skriv seg frå vekstperioda på midten og slutten av 1800-talet. Dei er prega av den vestnorske sein-empiren. Det gamle bygningsmiljøet er usedvanleg komplett; berre eitt hus som var ein viktig del av miljøet, er fjerna.

Vestnorsk byggjeskikk

Husa er på 1,5-2 etasjar og bygd i lafteverk med utvendig kledning. Dei større bygningane som har gavlen mot gata, har som regel ei usymmetrisk fasade. Mindre handels- og bolighus som har langsida mot gata, har som regel ein tilnærma symmetrisk fasade med inngang på midten og ei stove på kvar side av inngangen.

Sjøhusa er utforma etter vanleg vestnorsk byggjeskikk; med eit vinneskur øvst i gavlen som lagar ein portopning under vinneskuret i kvar etasje. Alle sjøhusa er bygd i bindingsverk.

Tidlegare dreiv dei fleste innbyggjarane her hushaldningsjordbruk med kyr, sauer og litt åkerbruk. Husdyra og vinterforet var samla i enkle uthus som låg i nærleiken til,  eller samanbygd med våningshuset. I innmarka finn vi òg enkelte mindre uthus, jordkjellarar, rydningsrøyser og liknande.