Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Jamn nedgang for tilstanden i ope lågland

Mål

1.1 Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

Indikator

Status og utviklingstrekk for økologisk tilstand i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell, kulturlandskap og ope lågland, jf. Naturindeks for Noreg og vannforskriften

Naturindeks for ope lågland

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet i ope lågland har hatt ei negativ utvikling sidan 1990. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,47 der verdien 1 svarer til tilstanden i eit kulturlandskap i god hevd. Naturindeksen er noko høgare i Nord-Noreg enn i resten av landet.

Ope lågland består av ope landareal nedanfor skoggrensa. Tilstanden til det biologiske mangfaldet blir vurdert med bakgrunn i artar som i hovudsak er knytt til naturtypar i kulturlandskapet, som kystlynghei og semi-naturleg eng. Slike naturtypar er forma gjennom lang tids ekstensiv og tradisjonell hevd som beite, slått og i nokre tilfelle regelmessig sviing av vegetasjonen. Dei semi-naturlege naturtypane har mange lyskrevjande artar som i større eller mindre grad er avhengig av skjøtsel.

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i ope lågland har utvikla seg i negativ retning over lang tid. Kulturlandskapet i Noreg har lenge vore i endring som ein følgje av drifts- og arealbruksendringar i jordbruket. Det har vore ei omfattande omlegging frå tradisjonelle driftsmetodar til intensive metodar med oppdyrking av areal og tilførsle av næringsstoff i form av kunstgjødsel. Samtidig har opphøyr av skjøtsel som slått og beiting ført til gjengroing. Endringane i jordbruket har hatt ein negativ påverknad på det biologiske mangfaldet som er tilpassa den tradisjonelle skjøtselen, og har ført til at arealet av semi-naturleg eng, kystlynghei, boreal hei og strandenger er sterkt reduserte i løpet av 1900-talet.