Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Stabil tilstand i havet

Mål

1.1 Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

Indikator

Status og utviklingstrekk for økologisk tilstand i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell, kulturlandskap og ope lågland, jf. Naturindeks for Noreg og vannforskriften

Naturindeks for havbotn

 

  

Naturindeks for frie vassmassar i havet

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i havet har vore stabil sidan 2000. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. Det var ei betring i dei frie vassmassane frå 1990 til 2000, mens tilstanden har vore generelt stabil på havbotnen. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,70 for havbotn og 0,72 for dei frie vassmassane, der verdien 1 svarer til tilstanden i eit økosystem med lite menneskeleg påverknad.

I Barentshavet er torskebestanden (skreid) rekordhøg, og har saman med lodde hatt ein stabilt god tilstand sidan 2009.

I Norskehavet har tilstanden vore stabil med høg indeksverdi sidan 2000-talet, med auka bestandar av sild og etter kvart makrell. Sild er ein viktig art i økosystemet fordi den kan ha store svingningar i bestanden, noko som påverkar mange andre artar. Uttaket av sild var for stort fram til 1970-talet og var etterfølgt av ei langvarig bestandssvikt. Både sild og andre pelagiske stimfiskar som makrell har vore inne i ei god utvikling sidan 1990-talet. Kolmule, som lever på noko djupare vatn, var derimot hardt beskatta heilt fram til starten av 2000-talet og voksteren i bestanden er framleis svak. Hekkebestandar av sjøfugl i Norskehavet, som havhest, lunde og alke, har også vore i tilbakegang sidan 1990. Årsakene er ikkje klare, men det er kjent at svikt i næringstilgangen ved nokre fuglekoloniar, som hos lunde, har ført til låg rekruttering.

I Nordsjøen og Skagerrak har tilstanden hos fleire artar hatt ei positiv utvikling sidan 2010, men nøkkelartar som tobis og torsk har framleis svake bestandar. Det gjer at tilstanden for det biologiske mangfaldet samla sett har vore relativt stabil dei siste åra.

Den gode utviklinga for det biologiske mangfaldet totalt sett er relaterte til ei god utvikling i fiskeriforvaltinga etter 1990. Det er vedteke forskrifter som vernar sårbare bestandar og små individ som skal vokse seg store og bidra til rekruttering. Vidare er fiskekvotar i større grad baserte på «føre var»-grensesetting for å oppnå ei berekraftig forvalting, og det er innført utkastforbod frå fiskebåtar. I tillegg har teknologisk utvikling hjelpt til å redusere bifangst, då reiskapar er blitt meir treffsikre på artar og fiskestorleik.