1. Naturmangfold

1.1 Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
Er vi på rett veg?
7 8 3 8
1.2 Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.
Er vi på rett veg?
4 9 10 6
1.3 Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar
Er vi på rett veg?
3

Innholdsfortegnelse

1.1 Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

Er vi på rett veg?
  • 60 prosent av ferskvatnet kan nå måla 1
  • God tilstand for mesteparten av kystvatnet 2
  • Stabil tilstand i ferskvatn 3
  • Stabil tilstand i havet 4
  • Svak oppgang for tilstanden i kystvatn 5
  • Jamn nedgang for tilstanden i våtmark 6
  • Positiv utvikling for skog, men framleis låg naturindeks 7
  • Liten nedgang for tilstanden i fjellet 8
  • Jamn nedgang for tilstanden i ope lågland 9
Er vi på rett veg?
  • Mindre fugl i jordbrukslandskapet 10
  • Mindre fugl i fjellet dei siste ti åra 11
  • Stabile bestandar av vanlege fugleartar i skogen 12
Er vi på rett veg?
  • Berre åtte prosent av villaksbestandane har god status 13
  • Mykje villrein, men leveområda er under press 14
  • Hausting i fjellet godt regulert 15
  • Hausting i skog godt regulert 16
Er vi på rett veg?
  • 59 framande skadelege artar langs kysten og i havet 17
  • 27 framande skadelege artar i ferskvatn 18
  • 45 framande skadelege artar i våtmark 19
  • 116 framande skadelege artar i skogen 20
  • Få framande artar har nådd fjellet 21
  • Spreidde plantar trugar ope lågland 22
Er vi på rett veg?
  • Areal av inngrepsfrie naturområde 23
Er vi på rett veg?
  • Fire skjøtta naturtypar i kulturlandskapet 24
Er vi på rett veg?
  • Bestandsstatus for smågnagarar 26

Miljømål 1.1 Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

Indikator: Status og utviklingstrekk for økologisk tilstand i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell, kulturlandskap og ope lågland, jf. Naturindeks for Noreg og vannforskriften

60 prosent av ferskvatnet kan nå måla

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Tala i figurane over er basert på arbeidet med innføringa av EU sitt rammedirektiv for vatn (vassforskrifta). Tala vil kunne endrast over tid.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Dersom tiltak ikkje blir gjennomført er det ein risiko for at berre om lag 60 prosent av elvane i Noreg når måla om god økologisk tilstand innan 2021. Tala for innsjøar er om lag som for elvane.

Årsakene til at måla ikkje blir nådde er menneskeskapte påverknader som igjen fører til endringar i den økologiske tilstanden for fisk, planteplankton, plantar og botndyr.

Påverknadene på vassmiljøet varierer mellom vassregionane. I Agder er verknaden av sur nedbør framleis ei stor utfordring, medan Glomma, Vest-Viken og Rogaland blant anna har store utfordringar med for høge tilførslar av næringssalt frå avløp og jordbruk. På Vestlandet er mange vassdrag påverka av vasskraftutbygging. Frå Trøndelag og nordover har mellom 85 og 95 prosent av vassførekomstane god eller svært god tilstand.

I 2015 blei regionale vassforvaltingsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram vedteke. Sektorstyresmaktene sitt arbeid med tiltak skal bidra til at vi når målet om god økologisk tilstand.


God tilstand for mesteparten av kystvatnet

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Miljøtilstanden i dei fleste vassførekomstane i kystvatn er god, og har lite avvik frå den naturlege tilstanden. Vi reknar med at dei vil nå målet om god økologisk og kjemisk tilstand innan 2021. Ein del vassførekomstar, særleg i meir tettfolka område, vil sannsynlegvis ikkje nå målet dersom ikkje nye tiltak blir sette i gong.

Med omgrepet "ikkje risiko" i figuren over meiner vi at vassførekomstane vil nå målet om god økologisk tilstand innan 2021. Dei ulike kategoriane risiko, mogeleg risiko og ikkje risiko er fastsette ved å vurdere omfanget av menneskeskapte påverknader på planteplankton, plantar og botndyr, som fungerer som miljøindikatorar. Dei viktigaste påverknadene på kystvatn er forureining frå forskjellige kjelder som industri og tettstader, samt fysiske konstruksjonar som hamnar og moloar. 

Alle vassregionar har frå 2016 ein vatnforvaltingsplan, som blant anna beskriv påverknadene og foreslår tiltak som kan gjerast for å nå målet om god økologisk tilstand. De viktigste tiltaka i kystvatn vil vere å rydde opp i gamal forureining, og kontrollere nye utslepp.

Tala i figurane over er baserte på arbeidet med innføringa av EU sitt rammedirektiv for vatn. Mykje av datagrunnlaget er basert på faglege vurderingar, og ikkje på målte data. Resultata må derfor sjåast som førebelse, og ein del av vassførekomstane i kystvatn vil kunne få endra status når vi får meir kunnskap.


Stabil tilstand i ferskvatn

 

Tilstand for ferskvatn

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i ferskvatn har samla sett vore stabil sidan 1990. Det viser data for 2014 frå naturindeksen for Noreg. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,75 der verdien 1 svarer til tilstanden i eit økosystem med lite menneskeleg påverknad. Naturindeksen har noko lågare verdi i sør, spesielt på Sørlandet og delar av Vestlandet, noko som skuldast omfattande og langvarig forsuring som følgje av langtransportert forureining.

Tilstanden i ferskvatn i delar av Austlandet og Midt-Noreg er også noko redusert. Dette skuldast fyrst og fremst landbruksforureiningar (overgjødsling) og omfattande vassdragsreguleringar i desse områda. Også på Vestlandet og i Nord-Noreg er det store vassdragsreguleringar som gir dårlegare forhold for det biologiske mangfaldet.

Lokalt kan tilførsle av næringsstoff (gjødsling), primært frå landbruket og fyrst og fremst i lågareliggande område, vere eit problem i alle delar av landet.

Sidan 1990 har tilstanden for det biologiske mangfaldet i ferskvatn halde seg ganske stabil for Noreg, samla sett. Ei rekkje forvaltingstiltak er sett i verk; blant anna har freding av nokre truga artar, reduserte tilførsler av sur nedbør og kalking av vassdrag hatt ein positiv effekt på tilstanden for det biologiske mangfaldet. Samtidig har auka overgjødsling og fysiske inngrep som har øydelagd leveområde hatt ein negativ effekt.


Stabil tilstand i havet

Naturindeks for havbotn

 

  

Naturindeks for frie vassmassar i havet

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i havet har vore stabil sidan 2000. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. Det var ei betring i dei frie vassmassane frå 1990 til 2000, mens tilstanden har vore generelt stabil på havbotnen. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,70 for havbotn og 0,72 for dei frie vassmassane, der verdien 1 svarer til tilstanden i eit økosystem med lite menneskeleg påverknad.

I Barentshavet er torskebestanden (skreid) rekordhøg, og har saman med lodde hatt ein stabilt god tilstand sidan 2009.

I Norskehavet har tilstanden vore stabil med høg indeksverdi sidan 2000-talet, med auka bestandar av sild og etter kvart makrell. Sild er ein viktig art i økosystemet fordi den kan ha store svingningar i bestanden, noko som påverkar mange andre artar. Uttaket av sild var for stort fram til 1970-talet og var etterfølgt av ei langvarig bestandssvikt. Både sild og andre pelagiske stimfiskar som makrell har vore inne i ei god utvikling sidan 1990-talet. Kolmule, som lever på noko djupare vatn, var derimot hardt beskatta heilt fram til starten av 2000-talet og voksteren i bestanden er framleis svak. Hekkebestandar av sjøfugl i Norskehavet, som havhest, lunde og alke, har også vore i tilbakegang sidan 1990. Årsakene er ikkje klare, men det er kjent at svikt i næringstilgangen ved nokre fuglekoloniar, som hos lunde, har ført til låg rekruttering.

I Nordsjøen og Skagerrak har tilstanden hos fleire artar hatt ei positiv utvikling sidan 2010, men nøkkelartar som tobis og torsk har framleis svake bestandar. Det gjer at tilstanden for det biologiske mangfaldet samla sett har vore relativt stabil dei siste åra.

Den gode utviklinga for det biologiske mangfaldet totalt sett er relaterte til ei god utvikling i fiskeriforvaltinga etter 1990. Det er vedteke forskrifter som vernar sårbare bestandar og små individ som skal vokse seg store og bidra til rekruttering. Vidare er fiskekvotar i større grad baserte på «føre var»-grensesetting for å oppnå ei berekraftig forvalting, og det er innført utkastforbod frå fiskebåtar. I tillegg har teknologisk utvikling hjelpt til å redusere bifangst, då reiskapar er blitt meir treffsikre på artar og fiskestorleik.


Svak oppgang for tilstanden i kystvatn

Naturindeks for kystvatn - botn

 

  

Naturindeks for kystvatn - frie vassmassar

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Det har vore ei svak betring av tilstanden for det biologiske mangfaldet i kystvatn sidan 1990, men med ein liten nedgang sidan 2010. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,62 for havbotnen og 0,72 for dei frie vassmassane, der verdien 1 svarer til tilstanden i eit økosystem med lite menneskeleg påverknad.

Årsaka til den positive utviklinga er i stor grad ei betring av tilstanden for artar som lever i dei frie vassmassane, blant anna for planteplankton og steinkobbe. Det biologiske mangfoldet på havbotnen har samla sett hatt relativt uendra tilstand i perioden.

Etter 2010 har naturindeksen for dei frie vassmassane blitt noko lågare, men ikkje på Austlandet. Dette skuldast svakare kystbestandar av sild, tobis og fleire sjøfuglartar. På Austlandet har tilførslane av næringssalt med havstraumar frå sørlege delar av Nordsjøen blitt reduserte sidan midten av 1990-talet. Det gjer at tilstanden for planteplankton, som gir grunnlag for vokster hos dei fleste dyreartane, har vore god her dei siste åra.

Generelt er naturindeksen for havbotnen noko lågare enn i dei frie vassmassane. Nokre artar har dårleg tilstand, for eksempel sukkertare, hummar og nokre fiskeartar. Desse artane var svake på slutten av 1990-talet, men har seinare teke seg noko opp. For tareskogane er det observert store endringar dei siste tiåra både i nord og i sør, i positiv så vel som negativ retning. I Nordland, særleg i dei sørlege delane, er tareskogen på veg tilbake, men det er framleis store område i Nord-Noreg der taren er nedbeita av kråkebollar.


Jamn nedgang for tilstanden i våtmark

Naturindeks for våtmark

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i våtmark har utvikla seg i negativ retning sidan 1990. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,54 der verdien 1 svarer til tilstanden i eit økosystem med lite menneskeleg påverknad.

Naturindeksen for våtmark har hatt ein jamn og svak nedgang sidan 1990. Alle delar av landet viser same trend, men årsakene til nedgangen varierer noko. Mange artar, til dømes fleire karplanter, amfibium, fuglar, samt naturtypen atlantisk høgmyr, er primært påverka av menneskelege inngrep.

Omgjering av myrar til jordbruk- eller skogbruksland har ei lang historie, og tørrlegginga var spesielt stor i etterkrigstida fram til 1990. I nokre intensivt drivne jordbruksområde er det berre fragment igjen av dei opphavlege myrane. I andre område har opphøyr av tradisjonelle jordbruksmetodar, som beite og slått, forverra levekåra for ei rekkje artar som føretrekkjer opne og lyse veksestader.

Også klimaendringar påverkar det biologiske mangfaldet i somme våtmarksområde. Palsmyrar har torvhaugar, kalt palser, som har ein kjerne av is, men eit varmare klima har ført til nedsmelting av palsene fleire stader. Småsalamander og storsalamander viser derimot positiv respons på dei same klimaendringane sidan 2010. Høgare temperatur og meir nedbør er truleg viktige årsaker til auka rekruttering og overleving hos salamandrane.


Positiv utvikling for skog, men framleis låg naturindeks

Naturindeks for skog

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i skogen har hatt ei svak positiv utvikling sidan 1990. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,37 der verdien 1 svarer til tilstanden i eit økosystem med lite menneskeleg påverknad.

Mindre gamle tre og død ved, færre store rovdyr og nedbrytarar bidreg relativt mykje til den låge natutindeksen for skogen. Død ved og gamle tre er viktige levestader for mange artar av insekt og sopp i skogen, og når det er lite av dette reduserast det biologiske mangfaldet. Blåbær og smågnagarar bidreg derimot i positiv retning.

Tilstanden til det biologiske mangfaldet i skogen har forbetra seg noko sidan 1990, noko som skuldast at mengda død ved, hjortedyr og blåbær har auka dei siste åra. Utviklinga over tid illustrerer godt at endringane og dynamikken i skogen skjer langsamt.

I naturindeksen samanliknar ein dagens skogtilstand med ein referansetilstand definert som naturnær skog med liten grad av menneskelege inngrep. I ein upåverka skog er dei naturlege forstyrringsprosessane (for eksempel skogbrann, vindfellingar, insektutbrot) med følgjande suksesjonsstadium tilstades på alt skogareal. Ein slik tilstand har vi ikkje hatt i skogane i Noreg på mange hundre år, sidan skogen og utmarka har vore utnytta av menneske i lange tider. Skogbruk blir rekna som den viktigaste menneskeskapte påverknaden i dagens skogar, i tillegg til bygging av veg, kraftleidningar og bygningar, samt tilførslar av nitrogen og endringar i klimaet.


Liten nedgang for tilstanden i fjellet

Naturindeks for fjellet

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i fjellet har variert dei siste 25 år, men er no litt redusert i forhold til 1990. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,62 der verdien 1 svarer til tilstanden i eit økosystem med lite menneskeleg påverknad.

Etter ei forbetring frå 2000 til 2010, er no indeksen 3,6 prosent lågare enn i 1990, noko som indikerer ei forverring av tilstanden for det biologiske mangfaldet i fjellet. Dette gjeld for heile landet, men også for dei einskilde landsdelane utanom Nord-Noreg. Størst nedgang i indeksen har det vore på Sørlandet.

Blant artane som inngår i naturindeksen for fjell er det fjellrype, lirype, fjellvåk, heilo og lappsporv som viser den sterkaste negative endringa frå 1990 til 2014, mens vier, smågnagarar, kongeørn og blåstrupe bidreg mest i positiv retning.

Nokre av dei viktigaste påverknadsfaktorane for artane i fjellet er arealbruk og fysiske inngrep i samanheng med veg og jarnbane, kraftutbygging, hyttebygging og turisme. Opphøyr av tradisjonell drift med beite og slått vil også kunne påverke ei rekkje typiske fjellartar som trivst i opne område nær fjellskogen.

Klimaendringar er også ein viktig påverknadsfaktor for økosystema i fjellet. For eksempel vil mildare vintre med isdanning på bakken kunne medføre dårlegare forhold for smågnagarar under snøen. Dermed kan smågnagartoppar blir mindre regelmessige eller forsvinne, og naturindeksen indikerer at dette betyr mykje for andre artar i næringskjeda som fjellrype, lirype (planteetarar), fjellrev og rovfuglar (predatorar).


Jamn nedgang for tilstanden i ope lågland

Naturindeks for ope lågland

 

  

Kilde: www.naturindeks.no

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet i ope lågland har hatt ei negativ utvikling sidan 1990. Det viser data frå naturindeksen for Noreg. I 2014 hadde naturindeksen ein verdi på 0,47 der verdien 1 svarer til tilstanden i eit kulturlandskap i god hevd. Naturindeksen er noko høgare i Nord-Noreg enn i resten av landet.

Ope lågland består av ope landareal nedanfor skoggrensa. Tilstanden til det biologiske mangfaldet blir vurdert med bakgrunn i artar som i hovudsak er knytt til naturtypar i kulturlandskapet, som kystlynghei og semi-naturleg eng. Slike naturtypar er forma gjennom lang tids ekstensiv og tradisjonell hevd som beite, slått og i nokre tilfelle regelmessig sviing av vegetasjonen. Dei semi-naturlege naturtypane har mange lyskrevjande artar som i større eller mindre grad er avhengig av skjøtsel.

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i ope lågland har utvikla seg i negativ retning over lang tid. Kulturlandskapet i Noreg har lenge vore i endring som ein følgje av drifts- og arealbruksendringar i jordbruket. Det har vore ei omfattande omlegging frå tradisjonelle driftsmetodar til intensive metodar med oppdyrking av areal og tilførsle av næringsstoff i form av kunstgjødsel. Samtidig har opphøyr av skjøtsel som slått og beiting ført til gjengroing. Endringane i jordbruket har hatt ein negativ påverknad på det biologiske mangfaldet som er tilpassa den tradisjonelle skjøtselen, og har ført til at arealet av semi-naturleg eng, kystlynghei, boreal hei og strandenger er sterkt reduserte i løpet av 1900-talet.


Indikator: Bestandsstatus for hekkande fugl i skog, fjell og kulturlandskap

Mindre fugl i jordbrukslandskapet

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Jordbrukslandskapet er viktig som leveområde for ca. 5 prosent av våre hekkande fugleartar. Dette er område med stadige forandringar. Særleg store har endringane vore dei siste 50 åra. Omlegging av driftsmåtar i jordbruket, utbygging og gjengroing av meir marginale jordbruksareal gjer at mange område eignar seg dårlegare som leveområde for fuglar enn tidlegare.

Figuren over viser ein jamn nedgang i hekkebestanden for åtte av dei vanlegaste artane i jordbrukslandskapet etter tusenårsskiftet. Bestandsnedgangen har vore særleg sterk for vipe, storspove, songlerke og gulsporv, mens bestandsnedgang for stare, linerle, låvesvale og buskskvett er mindre tydeleg. 

Ein tilsvarande nedgang for fugl i jordbruksområde er registrert for store delar av Europa. Bestandsnedgangen blir i stor grad knytt til endringar i driftsformer i jordbruket, ei utvikling som har kome lengre i mange vesteuropeiske land enn hos oss. Følgjer vi etter i denne utviklinga forventar vi mindre fuglar i jordbrukslandskapet også i tida framover.

Auka informasjon om og tilskot til aktuelle tiltak for å betre forholda for fugl i hekketida vil kunne redusere nedgangen lokalt.


Mindre fugl i fjellet dei siste ti åra

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Områda over skoggrensa og heiområde i fjellskogen er viktige leveområde for ca. 10 prosent av våre hekkande fugleartar. Dette er område med stadige endringar, og særleg no fordi det skjer ei fortetting av fjellskogen og fordi skoggrensa gradvis flytter seg oppover. Dette gjer at det blir mindre opne areal i lågareliggjande delar av fjellet. 

Vi reknar også med at klimaendringane, med endringar i temperatur og nedbør, påverker fjellområda våre. I tillegg blir fjellet påverka av menneskeleg aktivitet i form av arealbruk og ferdsel.

Kurva i figuren over som omfattar perioden 1993-2017 er basert på teljingar av fugl i fem av dei klassiske fjellområda våre frå Hardangervidda i sør til Dividalen i nord. Denne viser at bestandane var relativt stabile frå 1993 til 2005. Deretter blei det registrert nedgang i bestandane fram til 2013, medan det i dei fire siste åra har vore ei lita auke.

Linja som omfattar perioden 2007-2017 er henta frå det nasjonale nettverket for teljingar av fugl. Denne er basert på teljingar for åtte av dei meir vanlege fjellartane våre; lappsporv, blåstrupe, heipiplerke, ringtrast, steinskvett, heilo, lirype og fjellrype, og viser ein tilsvarande bestandsutvikling for desse artane som alle er knytte til meir opne område i fjellet. 

Nedgang i fuglebestandane i fjellet for perioden 2005 til 2013 er dessutan vist for heile den skandinaviske fjellkjeda.

Årsakene til nedgangen er usikre og truleg samansette, men endringar i klima med meir ugunstige vêrforhold i hekkeperioden kan vere ei medverkande årsak. I periodar der bestandane av fuglar i fjellet går ned, vil det vere nyttig å redusere det ein kan av negativ påverknad på slike artar.


Stabile bestandar av vanlege fugleartar i skogen

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Skogen er det viktigaste leveområdet for svært mange av fugleartane våre, og litt over ein tredjedel av hekkefuglane våre finst hovudsakleg i skog. Våre skogsareal er i stadig endring og det er no ein auke i både areal og alder på skogen. Men arealet med urørt naturskog minkar. 

Figuren over omfattar 24 fugleartar og viser at vi har hatt relativt stabile hekkebestandar for dei vanlege skogsartane våre dei siste 20 åra. Dei aller fleste av desse, som svarttrast, bokfink og jernspurv, har ikkje hatt nokon tydeleg endring i perioden 1996-2017, men nokre artar som måltrast og gransongar har hatt ein liten auke og nokre artar som raudstrupe og trepiplerke har hatt ein liten nedgang. 

Mange av dei artane som er sterkast knytte til naturskog er meir sjeldne, og for desse finst det ikkje målingar av bestandsendringar


Indikator: Bestandsstatus for haustbare artar

Berre åtte prosent av villaksbestandane har god status

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Miljødirektoratet har vurdert og kategorisert dei norske laksebestandane. Kategoriseringa består av ei samla tilstands- og risikovurdering med vekt på forhold som er avgjerande for bestandane sin eksistens, produksjon og kvalitet. Berre vassdrag som har eller har hatt ein sjølvreproduserande bestand av laks har blitt kategorisert. Kategorisystemet som Miljødirektoratet bruker består av to kriteriesett, eit for eksistensrisiko og produksjon, og eit for kvalitet som dekkjer innblanding av rømd oppdrettsfisk og risikoen for genetisk påverknad på bestandane. Kva kategori eit vassdrag blir plassert i blir avgjort av det kriteriesettet med dårlegast status. Kategoriseringa av vassdraga blei sist oppdatert i 2013.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Mange ville laksebestandar er truga eller har gått tapt. I løpet av 1990-åra blei laksebestandane reduserte til ein tredel av bestandane midt i 1980-åra. 1997 var det året det blei fanga minst laks i løpet av heile førre hundreår. Etter eit kortvarig oppsving rundt tusenårsskiftet har utviklinga igjen vore negative dei siste åra. Som følgje av den negative utviklinga i innsiget av laks har det vore nødvendig å redusere fisket i elv og sjø for å sikre nok gytefisk i elvane.

I dag er 49 sjølvreproduserande laksebestandar kategorisert som «kritiske» eller «tapt».

Det er ingen norske laksevassdrag der situasjonen er kategorisert som svært god. For at situasjonen i eit vassdrag skal vurderast som svært god må vassdraget ha ein naturleg stor bestand som er svært lite påverka. Vassdraget kan heller ikkje ha eit observert eller berekna innslag av oppdrettslaks i gytebestanden på meir enn 1,5 prosent i gjennomsnitt for åra 1989-2012 om vassdraget skal ha svært god status.

Historisk sett har 73 ville laksebestandar gått tapt, men 27 av desse er reetablerte etter tiltak mot forsuring og lakseparasitten Gyrodactylus salaris. I tillegg til kalking av vassdrag for å motverke forsura vatn og behandling av vassdrag som har parasitten Gyrodactylus salaris, er restaurering og bygging av laksetrapper samt revisjonar av vasskraftkonsesjonar med reglar om minstevassføring i regulerte vassdrag blant tiltaka som fører til betring for laksebestandane. 

Ifølgje Vitskapleg råd for lakseforvaltning framstår rømd oppdrettslaks og lakselus som klart ikkje-stabiliserte bestandstrugslar, mens Gyrodactylus salaris, sur nedbør, vasskraftreguleringar og fysiske inngrep er vurderte som stabiliserte bestandstrugslar med lågare risiko for ytterlegare framtidig redusert produksjon og tap av bestandar.

Det er mange ulike faktorar som påverkar utviklinga i dei ville laksebestandane. Nokre er meir eller mindre naturlege, mens andre er menneskeskapte. Nokre vurderast som stabiliserte og nokre som ikkje-stabiliserte. I ein del vassdrag og regionar er utviklinga stabil eller positiv, mens den er negativ eller det er stor risiko for framleis negativ påverknad i mange andre. 


Mykje villrein, men leveområda er under press

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Noreg forvaltar dei siste bestandane av den opphavlege ville fjellreinen i Europa. Villreinen er derfor ein ansvarsart for Noreg, noko som gjer at vi har eit særleg ansvar for å ta vare på den.

Villreinen er ikkje rekna som truga i Noreg i dag, og totalt er det om lag 35 000 dyr fordelt på 23 ulike forvaltningsområde. Villrein i dei ulike områda blir tald både frå lufta og av bakkemannskap. Dette gir god oversikt over kor mange dyr som finst i dei ulike villreinområda. 

Villreinbestandane er regulerte gjennom jakt. I kvart villreinområde er det ønskjeleg å felle nokre dyr, slik at det blir ein balanse mellom beiteressursar og talet på villrein i området. Talet på villrein som har blitt skote under jakt har vore relativt stabilt dei siste åra, sjølv om det i nokre område ble felt færre dyr enn det som var målsetjinga for jakta 2017.

For villreinen er større samanhengande og lite forstyrra område ein føresetnad for å oppretthalde ein god bestand over tid. Arealet i villreinfjellet er under stadig utbyggingspress. Verneområda i fjellet dekkjer berre delar av leveområdet til villreinen, og kommunal og regional planlegging er eit svært viktig verktøy for betre forvalting av villreinen.


Hausting i fjellet godt regulert

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Hausting av planter i fjellet skjer primært gjennom beiting. Beiting er i hovudsak òg tillete i verneområde, og er ikkje vurdert som ein trussel mot naturmangfaldet i fjellet.

Forvaltningsprinsippet i naturmangfaldlova inneber at alle artar er freda, med mindre hausting eller anna uttak skjer med heimel i lov. Det er i dag fastsett jakttid på til saman 37 fugleartar og 21 pattedyrartar, korav 6 fugleartar og 9 pattedyrartar vert regna som framande artar. Villrein og lirype er døme på artar i fjellet det vert jakta på.

Jakt- og fangsttider vert reviderte i hovudsak kvart 5. år, gjennom ein omfattande prosess som involverer ein brei gjennomgang av haustingsstatistikk. I tillegg vert det innhenta fråsegner både frå forskingsfagleg hald og frå verne- og brukarorganisasjonar. Artar der det blir registrert ein negativ bestandstrend over tid, blir vurdert særskild i tilhøve til om jakt og fangst er årsak eller kan forverre situasjonen. I så fall blir desse foreslått fjerna frå lista over jaktbare artar. 


Hausting i skog godt regulert

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Hausting av planter skjer primært gjennom beiting. Beiting er i hovudsak òg tillete i verneområde, og er ikkje vurdert som ein trussel mot naturmangfaldet i skogen.

Forvaltningsprinsippet i naturmangfoldloven inneber at alle artar er freda, med mindre hausting eller anna uttak skjer med heimel i lov. Det er i dag fastsett jakttid på til saman 37 fugleartar og 21 pattedyrartar, korav 6 fugleartar og 9 pattedyrartar vert regna som framande artar. Orrfugl, rådyr eller hare er døme på artar i skogen det vert jakta på.

Jakt- og fangsttider vert reviderte i hovudsak kvart 5. år, gjennom ein omfattande prosess som involverer ein brei gjennomgang av haustingsstatistikk. I tillegg vert det innhenta fråsegn både frå forskningsfagleg hald og frå verne- og brukarorganisasjoner.  Artar der det registrerast ein negativ bestandstrend over tid, vert vurdert særskild i tilhøve til om jakt og fangst er årsak eller kan forverre situasjonen. I så fall vert desse foreslått fjerna frå lista over jaktbare artar. 


Indikator: Talet på skadelege framande organismar i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturlandskap og ope lågland

59 framande skadelege artar langs kysten og i havet

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Figuren viser antal framande skadelege artar med hav og kyst som eitt av sine viktige leveområde som er vurdert av Artsdatabanken til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko. Totalt er det registrert 59 slike artar i hav og kyst.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Kor vidt vi er på rett veg for å nå målet om at økosystema har god tilstand og kan levere økosystemtenester varierar mellom dei ulike gruppene av framande artar som lever i havet og langs kysten. 

Mesteparten av dei framande artane som har kysten som eit av sine viktige leveområde er karplantar. Døme på slike karplantar er jærlupin, rynkerose og gravbergknapp. Vi utfører ein del nedkjempingstiltak mot desse, men vi har grunn til å tru at det ikkje er nok til å oppretthalde ein god tilstand på økosystema langs kysten. Mink er ein alvorleg trussel mot fuglebestandar langs kysten. Det vert sett i gang nedkjempingstiltak mot mink i prioriterte område og arbeidet gir gode resultat.

Å utføre nedkjempingstiltak mot framande artar som lever i havet er ofte både komplisert og kostbart og det vert difor sjeldan gjort. Kongekrabbe og stillehavsøsters er to av dei framande artane som det er sett i gang nedkjempingstiltak mot.

Ein utfører derimot tiltak for å hindre spreiing av framande organismar i havet. For å avgrense omfanget av framande marine som artar spreier seg på tvers av havområde har Noreg underskrive ein internasjonal konvensjon om spreiing av framande organismar med ballastvatn frå skip. Ballastvatn er sjøvatn som vert fyllt i tankar på skip mellom anna for å oppnå betre flytestabilitet. Om ikkje ballastvatn vert reinsa, kan det vere med på å flytte framande artar til nye havområde.


27 framande skadelege artar i ferskvatn

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Figuren viser antal artar som er vurdert av Artsdatabanken til å utgjere høg eller svært høg økologisk med elvar og innsjøar som eitt av sine viktige leveområde. Totalt er det registrert 27 framande skadelege artar i elvar og innsjøar.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Kor vidt vi er på rett veg for å nå målet om at økosystema har god tilstand og kan levere økosystemtenester varierar mellom dei ulike gruppene av framande artar som lever i ferskvatn.

Vi utfører en rekkje tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, og for denne arten er vi på god veg for å nå målet om god tilstand i økosystemet. 43 av 50 vassdrag som er infiserte av lakseparasitten er no enten fri for parasitten eller under friskmelding.

For dei andre framande artane i ferskvatn er vi lengre frå å nå målet, ettersom vi med noverande ressurssituasjon berre kan starte nedkjempingstiltak i høgast prioriterte elvar og innsjøar. Spreiing av framande fiskeslag til nye elvar og innsjøar skjer dessverre ofte og ein klarer ikkje å fylje opp med nok tiltak.

Når framande fiskeslag fyrst har etablert seg i nye elvar og innsjøar er det kostbart og komplisert å fjerne dei. Ein del flyttar fisk til innsjøar der ikkje høyrer heime fordi dei ynskjer nye eksostiske artar å fiske på. Meir informasjon om kva konsekvensar flytting av fisk kan få for det biologiske mangfaldet kan bidra til at færre spreier framande fiskeslag. 

Framande vassplantar, som til dømes vasspest og smal vasspest, trugar òg ferskvassøkosystemet. Vasspestartane er no funnen i over 100 lokalitetar. Det er no laga ein handlingsplan for å samordne tiltak mot vasspest og smal vasspest i landet.  

Vasspest trugar økosystemet ved at den kan endre vegetasjonssamansetninga i innsjøar og føre til at ein auka planteproduksjon på grunn av auka tilførsel av næringssalt. Ofte vert førekomstar av spreidd vasspest oppdaga for seint til at det er hensiktsmessig å setje i gang tiltak. Dei mest hensiktsmessigetiltaka mot vasspestartane er informasjon til befolkninga for å hindre at plantane vert spreidd til nye områder og tiltak som avgrensar spreiing i vassdrag der vasspest allereie finst. 


45 framande skadelege artar i våtmark

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Figuren viser antal artar som er vurdert av Artsdatabanken til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko med våtmark som eitt av sine viktige leveområde. Totalt er det registrert 45 framande skadelege artar i våtmark.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Med våtmark meiner vi her mellom anna myr, kjeldemark og område som jamleg vert utsett for fossespurt eller lagt under vatn på grunn av flaum. Av dei totalt 217 framande artene på svartelista har 45 våtmark som eitt av sine viktigaste leveområde.  

For nokre artar, som til dømes mink og mårhund, er vi godt i gang med å gjere tiltak for å sikre god tilstand på økosystema. For andre artar er innsatsen for liten for at vi klarer å halde tritt med spreiinga av framande artar til våtmarka.

Til dømes er om lag 80 prosent av 45 dei framande artane typiske hageplantar. Etter forskrift om fremmede organismer er import, sal og planting av ein del framande skadelege hageplantar forbode. Ein må òg søkje om løyve for å plante ein del framande skadelege hageplantar i parkar, dyrka mark og transport- og næringsutbyggjingsområde. Dette vil vere eit viktig grep for å nå målet om at våtmarka som økosystem skal ha god tilstand, sidan miljømyndighetene ikkje har nok tilgjengelege midlar til å fjerne plantar som har spreidd seg til våtmarka. 


116 framande skadelege artar i skogen

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Figuren viser antal artar som er vurdert av Artsdatabanken til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko med skog som eitt av sine viktige leveområde. Totalt er det registrert 116 framande skadelege artar i skogen.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I skog er det framande planteartar som utgjer det største trugsmålet mot det biologiske mangfaldet. Omtrent 95 prosent av dei framande skadelege artane som finst i skogen er typiske hageplantar. Mange hageplantar har spreidd seg frå hagar til skogen. Andre har blitt dumpa i skogen av hageeigarar som vil bli kvitt hageavfallet sitt, sjølv om det ulovleg å dumpe hageavfall naturen. 

Etter forskrift om fremmede organismer er import, sal og planting av ein del framande skadelege hageplantar som kan spreie seg til skogen forbode. Ein må òg søkje om løyve for å plante ein del framande skadelege hageplantar i parkar, dyrka mark og transport- og næringsutbyggjingsområde.

Også ein del utanlandske treslag har spreidd seg frå plantefelt til den naturlege skogen. Med ei eiga forskrift (Forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål) som regulerer bruken av utanlandske treslag har vi betre kontroll med kva type treslag som vert planta og kvar den vert planta. Ein kan dermed unngå at utsetjingar av utanlandske treslag får ein negativ påverknad på naturmangfaldet i framtida.

Tre framande pattedyr har sitt hovudhabitat i skog, dette er mårhund, villsvin og dåhjort. Også ein del sopp trugar også naturmangfaldet i skogen, dette gjeld mellom anna almesykesopp, eikemeldugg og greindrepar. Alle er framande soppar som kan føre til at blant anna tre døyr.


Få framande artar har nådd fjellet

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

framande artar har spreidd seg til fjellet. Tilstanden til økosystemet i fjellet reknast som god med omsyn på utbreiinga av framande artar. 

Av dei over 1000 framande artane som har evne til å formeire seg i landet er det berre tre framande artar som har eit av sine viktige leveområde i fjellet. Desse tre artane er buskfuru, keisergås og sibirvalmue. Buskfuru er den einaste arten som har eit av sine viktige leveområde i fjellet som utgjer så stor risiko at ein kan rekne den som ein framand skadeleg art.

Keisergås og sibirvalmue utgjer det Artsdatabanken kallar potensielt høg risiko. Desse utgjer per i dag ikkje så stor risiko at kan reknast som ein framand skadeleg art, men artane har eigenskapar som gjer at dersom få tilhøve endrar seg kan dei kunne oppnå ein høgare risikoklasse. 

I fjellet er det ofte det harde klimaet som set grenser kva artar som klarer å leve der. Etter kvart som klimaet endrar seg og vert våtare og varmare, er det forventa at framande artar som i dag lever i låglandet kan forflytte seg oppover mot fjellet. Det er difor usikkert på om tilstanden til økosystemet fortsatt vil kunne reknast som god med omsyn på utbreiinga av framande artar i framtida. 


Spreidde plantar trugar ope lågland

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

Figuren viser antal artar med eit av sine viktige leveområde i ope lågland som er vurdert av Artsdatabanken til å utgjere høg eller svært høg økologisk risiko. I ope lågland inkluderer vi hovudleveområda kulturmark, konstruert fastmark, berg og ur og åkrar. Totalt er det registrert 158 framande skadelege artar i ope lågland.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Med ope lågland meiner vi her opne områder under tregrensa som ikkje er våtmark. I ope lågland finn ein til dømes kulturmark, bustadområder, vegkantar og industriområde, berg og ur og åkrar. Vi er nok ikkje på rett veg for å nå målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

I ope lågland er plantar den gruppa av organismar som utgjer den største trusselen mot biologisk mangfald. Heile 80 prosent av dei framande artane som er spreidd til ope lågland er plantar. Ein antek at ca. 40 prosent av desse plantane har spreidd seg frå hagar. Innanfor områda kulturmark og berg og ur finn vi mellom anna fleire truga naturtypar og truga artar.

Vi har ikkje tal på kor mange individ som etablerar seg i ope lågland årleg, men vi har grunn til å tru at det dessverre slår seg ned fleire plantar i områda som vi reknar som ope lågland enn det vi klarer å nedkjempe.

Miljømyndigheiter, andre sektormyndigheiter, kommunar, frivillige organisasjonar gjennomfører årleg nedkjempingstiltak mot dei framande planteartane. Statens vegesen og fleire fylkesmenn har mellom anna bidrege til å fjerne framande planteartar langs vegar. Det er dyrt å nedkjempe framande artar og miljøforvaltninga må difor prioritere kva tiltak som kan setjast i verk. Mange fylkesmenn, som set i verk mange tiltak på fylkesnivå, har laga eigne handlingsplanar mot framande artar der dei mellom anna har gjort slike prioriteringar. 

Å hindre at høgrisiko-plantar vert planta i områder der dei kan truge artar og naturtypar som finst i ope lågland er eit viktig førebyggjande tiltak for å hindre tap av biologisk mangfald. Etter forskrift om fremmede organismer er import, sal og planting av ein del framande skadelege hageplantar forbode. Ein må òg søkje om løyve for å plante ein del framande skadelege hageplantar i parkar, dyrka mark og transport- og næringsutbyggjingsområde. Dette vil vere eit viktig grep for å nå målet om at ope lågland som økosystem skal ha god tilstand, sidan miljømyndigheitene ikkje har nok tilgjengelege midlar til å fjerne plantar som har spreidd seg til ope lågland.


Indikator: Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde

Areal av inngrepsfrie naturområde

Villmarkspregede områder, 1990-2013

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

  

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Inngrepsfrie naturområde blir definert som område som ligg ein kilometer eller meir i luftline frå tyngre tekniske inngrep. Vegar, jernbaneliner, vassdragsinngrep, vindturbinar og større kraftliner er eksempel på tyngre tekniske inngrep.

INON («Inngrepsfrie naturområde i Norge») er ein arealbruksindikator som skal vise status og utviklingstrekk for større samanhengande naturområde med eit urørt preg. Ettersom større samanhengande område har verdi for mellom anna leveområder og forflytningskorridorar for arter, landskap og friluftsliv, blir INON også ein indirekte indikator på tilstanden i naturen.

Vi får stadig mindre inngrepsfri natur. Nesten 900 kvadratkilometer gjekk tapt i perioden 2008-2012. Dette er ein svak auke i bortfallet på om lag tre prosent i høve til førre periode frå 2003-2007. Inngrep frå vegbygging og energianlegg står for om lag 90 prosent av bortfallet i den siste perioden.

Dei siste drygt hundre åra er dei villmarksprega naturområda i Noreg (område fem kilometer eller meir unna tyngre tekniske inngrep) reduserte frå omkring halvparten av landarealet til ca. 11,6 prosent per januar 2013. I Sør-Noreg var det berre att i underkant av fem prosent i januar 2013.


Indikator: Talet på kulturbetinga naturtypar som er skjøtta

Fire skjøtta naturtypar i kulturlandskapet

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Ja, vi er på rett veg. Etter at miljøstyresmaktene si tilskotsordning for tiltak i utvalgte/truga naturtypar kom i 2010, har talet på område som blir skjøtta auka jevnt og trutt. Ordninga er knytt til naturmangfaldlova som blei vedteke i 2009. Det meste av tilskotsmidla har gått til skjøtsel i gamle kulturmarker som slåttemark (inkl. lauveng), slåttemyr, kystlynghei og haustingsskog.  

I 2016 gjekk miljøforvaltinga sine middel til skjøtsel av:

  • 607 slåttemarker inkludert lauveng 
  • 87  kystlyngheiar 
  • 18  haustingsskogar 
  • 14 slåttemyrar 

Om lag 4000 dekar slåttemark blei skjøtta av middel frå denne ordninga

Andre ordningar som bidrar til å ta vare på truga naturtypar

Det er eit utstrakt samarbeid, både fagleg og økonomisk, mellom landbruks- og miljøsektoren for å ta vare på kulturlandskapet og naturtypane der. Fleire av naturtypane i kulturlandskapet blir skjøtta med ulike verkemiddel i miljø- og/eller landbruksforvaltninga. 

Til dømes blei det i 2016 utbetalt middel frå landbruket si ordning Regionale miljøtilskot til skjøtsel av om lag 2430 dekar slåttemark, 136 dekar slåttemyr og 174 000 dekar kystlynghei.

Andre ordningar som bidrar til skjøtsel av kulturmark er miljøforvaltinga sitt tilskot til nasjonalt verdfulle kulturlandskap, Statens naturoppsyn (SNO) si skjøtsel i verneområde og landbruks- og miljøforvaltinga sine tilskott til forvalting av Utvalde kulturlandskap (22 område totalt i Noreg). 

Vi reknar òg med at grunneigarar og andre gjer ein del skjøtsel utan tilskot frå det offentlege, noko det ikkje finst tal for.


Indikator: Talet på tilfelle der det er påvist funn av ulovleg GMO i Noreg

Få funn av ulovleg GMO i Noreg

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

Figuren over viser tal på førekomstar av genmodifiserte organismar (GMO) i prøvar teke av matvarer. Førekomst av GMO i matvarer kan delast inn i tre hovudgrupper: GMO ikkje påvist (grøn), GMO påvist, men under 0,9% (spormengder, lysegrøn) og ulovleg GMO påvist (oransje). Tala viser at GMO ikkje er påvist i storparten av prøvane. Før 2011 blei det ikkje påvist ulovleg GMO i mat, men i 2011 blei det gjort tre funn. I 2013 blei det gjort eitt funn og i 2014 blei det gjort sju funn av av ulovleg GMO i mat. Tal frå 2009 er ikkje tilgjengelege. 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

Figuren over viser tal på førekomstar av GMO i prøvar teke av fôrvarer. Førekomst av GMO i fôrvarer kan delast inn i tre hovudgrupper: GMO ikkje påvist (grøn), GMO påvist, men under 0,9% (spormengder, lysegrøn) og ulovleg GMO påvist (oransje).  Prøvane viser ingen funn av ulovleg GMO, med unnatak av i 2011 då det blei gjort eitt slikt funn. Ein stor del av fôrvarene inneheld spormengder av GMO. Tal frå 2009 er ikkje tilgjengelege.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

Figuren over viser at det ikkje har blitt påvist GMO i såvarer. Tal frå 2009 er ikkje tilgjengelege. 

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Genmodifiserte organismar (GMO) er organismar som har fått endra si genetiske sammensetning ved hjelp av gen- eller celleteknologi.

Sidan 2007 har Mattilsynet ført tilsyn med matvarer, fôrvarer og såvarer for å kontrollere førekomsten av GMO på den norske marknaden. I storparten av prøvane Mattilsynet har tatt er det ikkje påvist ulovleg GMO. 

Ein stor del av matvarene og fôrvarene inneheld spormengder av GMO. I 2011, 2013 og 2014 blei det avdekt nokre få funn med ulovleg GMO i mat og fôrvarer. Desse produkta er trekte frå marknaden. Mattilsynet har ikkje påvist GMO i såvarer.


Indikator: Utvikling i bestandar av smågnagarar

Naturlege variasjonar i smågnagarbestandane

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Bestandane av smågnagarar varierer mykje frå år til år. Medan det eitt år er særs mange lemen, markmus, skogmus og/eller klatremus i skogen eller på fjellet, kan smågnagarane vere tilnærma borte året etter. Dei store variasjonane har gjeve opphav til omgrep som "lemenår" og "smågnagarår". Det kan gå 3-4 år eller meir mellom kvart lemen- eller smågnagarår. Variasjonane er naturlege syklusar.

Nøkkelarter

Bestandstoppane til smågnagarane har stor effekt på økosystema dei er ein del av. Dei blir difor sett på som nøkkelartar. 

Smågnagarane er planteetarar, og vegetasjonen kan bli sterkt nedbeita i år med mykje smågnagarar.
Sjølv er smågnagarane viktig føde for rovdyr. Det er observert klår årsakssamanheng mellom tilgjenge på smågnagarar og talet på ungar som fødast av rovdyr. Til dømes kan fjellreven produsere store kvalpekull i år med god tilgang på smågnagarar, særleg når det er store mengder med lemen. Det finst døme på at fjellrev har fått heile 16 kvalpar i slike år, medan det vanlege i år med mindre tilgang til byttedyr er tre til seks kvalpar.

Når tilgangen på byttedyr for rovdyr aukar kraftig i smågnagarår fordi desse byttedyra då er talrike og lettare å få tak i, blir det mindre press på andre planteetarar som skogsfugl og rype.

Blir overvaka gjennom TOV

Smågnagarbestandane blir overvaka i sju skogs- og fjellområde frå Lund i sør til Dividalen i nord, som ein av fleire indikatorar i programmet Terrestrisk naturovervåking (TOV). Programmet overvaker effektar av klimaendringar og belastningar frå langtransportert forureining i desse områda for å gje eit bilete av korleis økosystema i dei ulike delane av landet blir påverka.

Det er viktig å følgja utviklinga i smågnagarbestandene, sidan smågnagarar er nøkkelarter i mange økosystem. Å kjenna dynamikken i smågnagarbestandene er òg viktig for å skilje naturleg forstyrring av økosystema frå effektar av forureining, klimaendringar og andre menneskeskapte påverknader.

Resultat frå dei siste åra viser at mønsteret med 3-4 års mellomrom mellom bestandstoppane er særs tydeleg i TOV-områda Møsvatn og Børgefjell.  Derimot viser ikkje smågnagarbestandene i Gutulia og Dividalen like regelmessig bestandvariasjon. Dei sørlege områda, Lund og Solhomfjell, ligg i varmare klimasoner. Her ventar ein ikkje like utprega svingingar som i områda lenger nord og høgare over havet.

Vi har ingen god forklaring på desse skilnadene, men endringane speglar truleg både menneskeskapt påverknad og naturlege variasjonar i nordlege økosystem, som variasjon i klima, snødekke og mengda av bjørkemålarar.

Det vert ikkje utført forvaltingstiltak retta mot smågnagarar i Noreg, sidan bestandutviklinga i liten grad er direkte påverka av menneskeleg aktivitet. Ein reknar med at ei arealforvalting og ein klima- og miljøpolitikk som bidreg til å oppretthalde robuste økosystem, òg vil sikre at den naturlege bestanddynamikken til smågnagarane og deira rolle i økosystema blir ivareteke.

 

 


1.2 Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

Er vi på rett veg?
  • 45 truga marine artar 27
  • Nær 150 truga artar i ferskvatn 28
  • Om lag 300 truga artar i våtmark 29
  • Svært mange truga artar i skog 30
  • Mange truga artar knytt til kulturlandskap 31
  • Få truga artar i fjellet 32
Er vi på rett veg?
  • 40 kull av fjellrev 33
  • Sju ungekull av bjørn 34
  • Åtte kvalpekull av ulv 35
  • 57,5 ungekull av gaupe 36
  • 40 kvalpekull av jerv 37
  • Dverggåsa framleis kritisk truga 38
  • Leveområdet til isbjørnen forsvinn 39
  • Kongeørna er vanleg i heile Noreg 40
  • Hubroen fortsatt sjelden i Noreg 41
  • Positiv utvikling for slagugla 42
  • Usikkert for snøugla 43
  • Åkerriksa kritisk truga 44
  • Damfrosken slit 45
  • Stabilt for oteren 46
  • Mange sjøfuglar slit 47
  • Uvisse rundt mange flaggermusartar 48
Er vi på rett veg?
  • Sju truga naturtypar i ferskvatn 49
  • Ni truga naturtypar i våtmark 50
  • Ni naturtypar i skog er truga 51
  • Ingen truga naturtypar i fjellet 52
  • Tre truga naturtypar i kulturlandskapet 53

Miljømål 1.2 Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

Indikator: Talet på truga artar i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog og fjell og kulturlandskap og ope lågland

45 truga marine artar

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I alt er 357 artar knytte til norske hav og kystvatn. 45 av desse blir rekna som truga i Norsk raudliste for artar 2010. Det vil seie at dei er kategoriserte som kritisk truga, sterkt truga eller sårbare. Dette gjeld 8 fisk, 8 fugl, 4 pattedyr, 8 blautdyr, 3 krepsdyr, 2 leddormar, 3 karplantar og 9 algar.

I mange tilfelle har vi ikkje nok data til å vurdere om ein art er truga eller ikkje. I norske havområde kan 270 artar - i tillegg til dei 45 som er nemnt over - vere truga, men vi har førebels for lite data til å seie dette sikkert. Spesielt gjeld det blautdyr, krepsdyr og svampar. Det er vanskeleg å vite om desse artane står i fare for å bli utrydja eller ikkje.

Forureining, tilførsle av næringssaltar og overutnytting av bestandar er kjende trugslar for fleire av artane. Fysiske inngrep i artane sine leveområde er vist å bety meir enn det vi tidlegare har trudd. Klimaendringar, med auka temperatur og havforsuring, er venta å bli dei største påverknadene i framtida. Vi kan risikere at fleire påverknadsfaktorar vil samvirke negativt på artane sin evne til å tole menneskeleg aktivitet.


Nær 150 truga artar i ferskvatn

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Ifølgje Norsk raudliste for artar 2015 er 147 artar i naturtypen ferskvass-system truga. Dette er ni færre enn på raudlista som vart utgjeve i 2010.

Elvemusling - døme på ein truga art

Elvemusling er døme på ein slik art. Det vart utarbeidd ei handlingsplan for å sikre den allereie i 2006. Elvemuslingen kan bli svært gamal, 100-150 år er ikkje uvanleg. Problemet er at berre 1/3 av lokalitetane med arten har tilfredsstillande rekruttering.

Utfordringa er at dei minste muslingane ligg nedgraven i elvesubstratet dei 4-6 første leveåra. Dei er då avhengige av tilgang på reint, oksygenrikt vatn. Dersom elvesubstratet er tetta igjen med slam og anna finmateriale, vil dei små muslingane døy. Tilførslar av store mengder næringsstoff, avrenning frå jord- og skogbruk, bortføring av vatn, graving i og nær elveløpet er døme på menneskeleg aktivitet som skapar problem for dei små muslingane. Fordi elvemuslingane lever som parasittar på gjellene hos fisk den aller første vinteren, er dei også avhengige av at det anten er aure eller laks i vassdraget. Berre desse artane fungerer som vert for muslingen. Om fisken forsvinn eller berre finnst i eit lite antall, får ikkje nye generasjoner med elvemusling starta livssyklusen sin.

Elvemuslingen er blitt kartlagd i dei aller fleste fylke, og det blir framleis jobba med dette. Resultata finn du her. Arten har vore overvaka i 16 utvalde elvar. I 2011 starta eit pilotprosjekt med oppdrett av elvemusling. Målet er å ta inn utvalde bestandar som har dårleg rekruttering og avle fram individ til dei er så robuste at dei kan setjast tilbake til og overleve i vassdraga sine. Så langt har fleire titals tusen nye muslingar blitt avla fram. Dei første forsøksutsetjingane blei gjennomførte i 2016. Resultata er positive så langt og tyder på at muslingane frå anlegget overlever etter utsetjing.

Edelkrepsen er sterkt truga

Den europeiske ferskvasskrepsen  - eller edelkrepsen - er vurdert som sterkt truga på den norske raudlista. Totalt er det registrert 670 edelkrepslokalitetar i Noreg, og i dag er det edelkreps i 465 av desse. I tillegg er det utsett edelkreps i 12 lokaliteter relativt nyleg. Her er det framleis usikkert om den etablerer ein reproduserande bestand. I Noreg er krepsepest den største kjende trugselen mot edelkreps. Utbrot av krepsepest medfører massedød av edelkreps. Andre trugslar er forureining, nedslamming og fysiske inngrep. Miljøforvaltinga arbeider med å hindre vidare spreiing av signalkreps, og overvaker lokalitetar med edelkrepsbestand. 


Om lag 300 truga artar i våtmark

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Ifølgje Norsk raudliste for artar 2015 er det 183 artar i kategoriane kritisk truga, sterkt truga og sårbar i hovudhabitatet “våtmark”. I tillegg kjem 121 artar i desse kategoriane i hovudhabitatet “flaumsone”. Det er ein liten auke i talet på truga artar i begge desse habitata jf. raudlista frå 2010.

Myr, kjelde og flaumark dekkjer om lag 10 prosent av landarealet i Noreg. Arealendringar er den største trusselen mot dei truga artane som held til her. I dag gjeld dette særleg nedbygging og attgroing. Kraftutbygging har gjort at mange raudlisteartar har blitt meir sjeldne. Den nest viktigaste påverknadsfaktoren er forureining gjennom tilførsel av nitrogen. Dette gjer auka attgroing med særleg negative konsekvensar for konkurransesvake artar. I tillegg kjem trusselen frå klimaendringar. 

Ein god del av dei mest verdifulle attverande areala for myr, kjelde og flaummark er verna.

Det er utarbeidd nasjonale handlingsplanar for nokre artar som er knytte til våtmark, og ein art – honningblom - er prioritert med eigen føreskrift etter naturmangfaldlova. Flaumark er levestad for den prioriterte arten elvesandjeger.


Svært mange truga artar i skog

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Ifølgje Norsk raudliste for artar 2015 er det 1122 artar i kategoriane kritisk truga, sterkt truga og sårbar i skogen. Dette utgjer nær halvparten av dei truga artane på raudlista.

Død ved er viktig for svært mange artar. Det blir meir skog og mengda død ved aukar. Skogen blir i aukande grad driven etter standardar som skal ta vare på det biologiske mangfaldet. Likevel er tilstanden kritisk for mange artar i skogen. Grunnen er sannsynlegvis at det er for lite gamal skog og død ved i den mest næringsrike skogen i låglandet, kor det er flest truga artar.

Hogst er negativt for mange artar, men også planting av framande treslag og skogsvegbygging påverkar mange artar negativt. Desse spreier seg no i monaleg grad og utgjer ein trussel blant anna mot naturverdiane i mange verneområde. 

Nasjonale handlingsplanar for nokre artar

Miljødirektoratet utarbeider faggrunnlag og handlingsplanar for eit utval truga artar som er knytte til skogen, og gjennomfører dessutan overvaking av ei lang rekkje artar. Det er utarbeidd nasjonale handlingsplanar for nokre artar som er knytte til skogen, og ein art (raud skogfrue) er prioritert med eigen føreskrift etter naturmangfaldlova.


Mange truga artar knytt til kulturlandskap

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

 Mange artar i Norsk Raudliste for artar 2015 er knytt til kulturlandskapet. Norsk Raudliste deler naturen inn i 13 grove einingar for leveområde for artar. I raudlista er desse omtalt som «hovudhabitat». Tre av desse hovudhabitata høyrer til kulturlandskapet i si heilheit («kulturmark», «åker og kunstmarkseng» og «konstruert fastmark»). I tillegg har nokre av dei andre 10 hovudhabitata delar av kulturlandskap i seg.
I alt 565 artar er truga i hovudhabitatet «kulturmark». I hovudhabitatet «åker og kunstmarkeng» er det 75 truga artar og i hovudhabitatet «konstruert fastmark» er det 155 truga artar. Ein kan ikkje summere desse tala, av di mange artar finst i fleire hovudhabitat. Hovudhabitatet kulturmark inneheld 24 prosent av alle dei truga artane i raudlista. Dette er det hovudhabitatet som har flest truga artar, nest etter skog. I raudlista omfattar kulturmark ugjødsla slåtte- og beitemarker og hei (kystlynghei og boreal hei).

Døme på truga artar i kulturlandskapet er søstermarihand, soppane slimjordtunge og rosa vokssopp, kløverhumle og sommarfuglen heroringvenge.

Kulturmarkene må haldast ved like

I kulturlandskapet er dei viktigaste trugslane mot artar attgroing og tilplanting av tidlegare opne kulturmarker, intensivering, oppdyrking og  nedbygging. Oppdyrking av gamal kulturmark var ein stor trugsel tidlegare, men i dag er dette truleg mindre aktuelt. Nedbygging skjer enno, særleg i pressområda. Tilplanting med tre som klimatiltak eller til juletre- og skogproduksjon er ein aktuell og aukande trugsel.  

Dei gamle kulturmarkene må haldast ved like for at dei ikkje skal gro att. Blir dei gjødsla eller overlatne til seg sjølve, utan tradisjonell bruk eller skjøtsel, går dei tapt som naturtype og som leveområde for ei lang rekke artar av plantar og insekt.

Handlingsplanar og eigne føreskrifter for nokre artar

Det er utarbeidd nasjonale handlingsplanar for nokre artar som er knytt til kulturlandskapet. Fire artar, som heilt eller delvis kan seiast å vere knytt til kulturlandskapet, er prioriterte med eigne føreskrifter etter naturmangfaldlova. Det gjeld insekta klippeblåvenge og eremitt, og blomane drakehovud og svartkurle.


Få truga artar i fjellet

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Av artane som er vurderte som truga i Norsk rødliste for arter (2015) er det knapt 4 prosent (88 artar) som lever i fjellet. Dette betyr ikkje nødvendigvis at den negative påverknaden på naturmangfaldet her er mindre enn i andre økosystem, men heller at delen av artar knytt til fjellet er låg.

Døme på truga artar i fjellet:

  • masimjelt, knutshørapp og brannmyrklegg (planter)
  • dobbeltbekkasin og snøugle (fuglar)
  • jerv og fjellrev (pattedyr)

Villreinen er ikkje ein truga art, men blir rekna som ein norsk ansvarsart som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på.


Indikator: Status for utvalde truga artar

40 kull av fjellrev

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Fjellreven blei freda 1930, men står likevel i fare for å døy ut i Noreg. Fjellreven er klassifisert som kritisk truga på Norsk raudliste for artar 2015. Det betyr at risikoen for at den vil forsvinne frå norsk natur i løpet av dei komande 50 åra er svært høg. Det er utarbeida ei handlingsplan for å freiste å redde fjellreven, og fjellreven har no også blitt ein prioritert art.

2009 var eit spesielt dårleg år for fjellreven, og det blei ikkje dokumentert kull av fjellrev i Noreg det året. Årsaka var at fjellrevane ikkje fann mat, fordi det var lite smågnagarar og lemen i 2008/2009.

2011 og 2014 var historisk gode år for fjellreven. Det blei dokumentert til saman 90 kull desse somrane, og minimum 591 kvalpar blei fødde i Noreg. Om lag halvparten av kulla blei fødde av hoer som er sett ut gjennom Avlsprogrammet for fjellrev.

I 2015 blei det registrert 204 kvalpar i Noreg, fordelt på 40 kull. Det var spesielt i områda frå Sylane til Saltfjellet at fjellreven hadde god bestandsutvikling i 2015.

I 2016 gjekk talet på registrerte fjellrevkull ned. Til saman 16 kull blei registrert i heile landet og minimum 60 kvalpar vart fødde. Nedgangen har i stor grad samanheng med tilgangen på smågnagarar, som er viktig føde for fjellreven. Det var venta låge bestandar av smågnagarar i 2016. I Dovrefjell var derimot smågnagarbestandane på tur opp, og heile ni kull vart registrerte her. Dei øvrige ynglingane skjedde på Finse (3 kull), i Blåfjella-Hestkjølen (2) og Saltfjellet (2).  I andre deler av landet har det ikkje vore teikn til yngling.

I 2017 blei det registret 40 kull og minimum 135 individ av fjellrev. Fjellrevkulla er registrerte i 11 fjellområde: Hardangervidda (1), Finse (5), Nordfjella (1), Ottadalen Nord/Reinheimen (1), Snøhetta (14), Knutshø (2), Kjølifjellet/Sylane (6), Blåfjellet (3), Hestkjølen (3), Junkeren (2) og Saltfjellet (2).

Det blei registret fjellrevkull i område der det ikkje har vore ynglingar tidlegare, - både i i Nordfjella, nordvest for Finse og i Reinheimen, sørvest for Dovrefjell.
Dei fire delbestandane i nord, som inngår i overvakinga av fjellrev, er nesten i ferd med å dø ut. Dette gjeld Vargangerhalvøya, Ifjordfjellet, Reisa Nord og Indre Troms. I februar 2018 er det planlagt å setje ut 29 fjellrevar på Varangerhalvøya. Det er ut i frå dette grunn til å håpe at fjellrevbestanden tek seg opp i denne regionen etter kvart.


Sju ungekull av bjørn

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I Noreg hadde bjørn, gaupe og ulv ei vid utbreiing og var vanlege rundt midten av 1800-talet. På grunn av stor avskyting blei alle artane nesten utrydda rundt midten av førre hundreår. Fredingar har gjort at dei tre artane no er i ein betre bestandssituasjon, men dei er framleis få samanlikna med situasjonen for 100 – 150 år sidan.

Utvikling i bjørnebestanden

Rundt 1850 var bestanden av brunbjørn i Skandinavia på 4000 – 5000 dyr. Om lag 65 prosent av bestanden var i Noreg. Det var flest bjørnar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samt Telemark og Aust-Agder.

Bjørnen blei nesten utrydda i fyrste halvdel av 1900-talet. I dag er det rundt 3000 bjørnar i Skandinavia. Rundt to prosent av desse har tilhald i Noreg til einkvar tid.

Dei fins i hovudsak i Hedmark, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark, i områder som grensar til Sverige, Finland og Russland. Den norske bjørnebestanden er difor sterkt påvirka av utviklinga på den andre sida av grensa. Bjørnebestanden på svensk side har gått jamnt nedover sidan 2008, og vi må difor vente mindre innvandring av bjørn frå Sverige i tida framover.

Nasjonalt bestandsmål ikkje nådd i 2017

Målet med naturmangfaldlova er at vi skal ta vare på mangfaldet i naturen, på ein slik måte at den også gir grunnlag for verksemda til menneska. Forvaltinga av rovdyra baserer seg på rovviltmeldinga frå 2003/2004, Stortinget si behandling av meldinga og rovviltforliket frå 2011. Noreg har også forpliktingar gjennom internasjonale miljøavtalar og konvensjonar. Bernkonvensjonen er den viktigaste av desse.

Stortinget har fastsett nasjonale mål som definerer kor store bestandar vi skal ha av dei store rovdyra. Målet for bjørn er at det skal vere 13 ungekull kvart år. 

Ved å bruke informasjon frå innsamla ekskrement og hårprøvar som blir DNA-analysert har forskarar estimert at det blei født sju ungekull av bjørn i 2017. Målet blei derfor ikkje nådd i 2017.


Åtte kvalpekull av ulv

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I Noreg hadde ulv, bjørn og gaupe ei vid utbreiing og var vanlege rundt midten av 1800-talet. På grunn av stor avskyting blei alle artane nesten utrydja rundt midten av førre hundreår. Fredingar har gjort at dei tre artane no er i ein betre bestandssituasjon, men dei er framleis få samanlikna med situasjonen for 100 – 150 år sidan.

Utvikling i ulvebestanden

Vinteren 2017-2018 blei totalbestanden av ulv i Skandinavia beregna til 410 ulvar. Det ble registrert totalt 41 familiegrupper og 31 revirmarkerande par. 70-71 ulvar blei klassifiserte som helnorske. Det vil seie at dei blei registrerte på vandring i Noreg eller at dei heldt til i revir med heile si utstrekning innanfor Noreg.

45 ulvar blei registrerte på begge sider av grensa mot Sverige, hovudsakleg i grenserevir, men også nokre få på vandring. Til saman blei det påvist 115-116 ulvar med heilt eller delvis tilhald i Noreg.

Våren 2017 blei det fødd kvalpekull i åtte heilnorske revir, fem kull i grenserevir og 28 kull i helsvenske revir. Totalt i Skandinavia blei det dermed fødd 41 kvalpekull i 2017 (registrerte i 2018).

Grunnlaget for rovviltforvaltinga

Målet med naturmangfoldlova er at vi skal ta vare på mangfaldet i naturen, på ein slik måte at det også gir grunnlag for verksemda til menneska. Forvaltinga av rovdyra baserer seg på rovviltmeldinga frå 2003/2004, Stortinget si behandling av meldinga og rovviltforliket frå 2011. Noreg har også pliktar gjennom internasjonale miljøavtalar og konvensjonar. Bernkonvensjonen er den viktigaste av desse.

Nasjonalt bestandsmål nådd 2017/2018

Stortinget har fastsett nasjonale mål som definerer kor store bestandar vi skal ha av dei store rovdyra. Fram til juni 2016 var målet at vi skal ha tre årlege kvalpekull i forvaltingsområdet innanfor fylka Hedmark, Akershus, Austfold og Oslo. I juni 2016 blei det nasjonale bestandsmålet justert frå tre til fire til seks kull. Av desse skal tre ungekull vere heilnorske (det er dette målet som er markert i grafen). Ungekull i grenserevir er delte med Sverige og tel med ein faktor på 0,5. Våren 2017 blei det fødd åtte kvalpekull i heilnorske revir innanfor forvaltingsområdet. Fem kull blei fødde i grenserevir. Bestandsmålet blei dermed nådd med god margin.

Grafen viser året kvalpekulla blei registrerte, mao viser stolpen for 2018 talet for kvalpekull fødde i 2017. Årsaka til dette er at dei aller fleste kulla blir påviste når sporsnøen legg seg på bakken om vinteren. Talet på ulvekull fødde i 2018 vil med andre ord bli klart i 2019. Totalt 43 kvalpekull blei registrerte i Skandinavia i overvakingsperioden 2017/2018.


57,5 ungekull av gaupe

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I Noreg hadde gaupe, bjørn og ulv ei vid utbreiing og var vanlege rundt midten av 1800-talet. På grunn av stor avskyting blei alle artane nesten utrydja rundt midten av førre hundreår. Fredingar har gjort at dei tre artane no er i ein betre bestandssituasjon, men dei er framleis få samanlikna med situasjonen for 100-150 år sidan.

Utvikling i gaupebestanden

Gaupa var nesten utrydja på 1930-talet, men har seinare auka i mengd og utbreiing. I dag finst gaupe i store delar av landet. Dei siste 15 åra har bestanden av gaupe variert mellom 44 og 92 familiegrupper, noko som svarer til mellom 250-540 dyr.

Nasjonalt bestandsmål ikkje nådd i 2018

Målet med naturmangfoldlova er at vi skal ta vare på mangfaldet i naturen, på ein slik måte at den også gir grunnlag for verksemda til menneska. Forvaltinga av rovdyra baserer seg på rovviltmeldinga frå 2003/2004, Stortinget si behandling av meldinga og rovviltforliket frå 2011. Noreg har også forpliktingar gjennom internasjonale miljøavtalar og konvensjonar. Bernkonvensjonen er den viktigaste av desse.

Stortinget har fastsett nasjonale mål som definerer kor store bestandar vi skal ha av dei store rovdyra. Målet for gaupe er at det skal vere 65 ungekull kvart år. I 2018 blei det registrert 57,5 ungekull. I dette talet inngår ungekull i grenserevir som er delt med Sverige. Ungekull i grenserevir tel med ein faktor på 0,5.

Talet på ungekull er ei lita auke frå året før, då det blei registrert 55,5 ungekull. Det nasjonale bestandsmålet for gaupe er dermed ikkje nådd. 55,5 ungekull svarer til om lag 340 gauper.


40 kvalpekull av jerv

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I 2017 blei det registrert 40 kvalpekull av jerv. Dette er det lågaste talet på jervekull sidan 2002. Til samanlikning blei det registret 65 kvalpekull i 2015 og 50 kull i 2016. Dette viser tal frå Rovdata.

Nasjonalt bestandsmål nådd i 2017

Målet med naturmangfoldlova er at vi skal ta vare på mangfaldet i naturen, på ein slik måte at den også gir grunnlag for verksemda til menneska. Forvaltinga av rovdyra baserer seg på rovviltmeldinga frå 2003/2004, Stortinget si behandling av meldinga og rovviltforliket frå 2011. Noreg er også forplikta gjennom internasjonale miljøavtalar og konvensjonar. Bernkonvensjonen er den viktigaste av desse.

Stortinget har fastsett nasjonale mål som definerer kor store bestandar vi skal ha av dei store rovdyra. Forliket seier at bestandane skal ligge så nær bestandsmålet som mogeleg. 

Målet for jerv er at det skal vere 39 kvalpekull kvart år, noko som inneber at målet blei nådd i 2017.  

Talet på dokumenterte ynglingar, eller kvalpekull, av jerv har dei siste åra lege over bestandsmålet, og forvaltinga har derfor som målsetting å redusere bestanden. I 2017 blei det gjort uttak av jervetipse og/eller kvalpar i 10 av dei 40 jervehia som blei registrerte.


Dverggåsa framleis kritisk truga

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Dverggåsa blir rekna som ein av Noregs mest truga artar. Den er klassifisert som ein prioritert art, og derfor skal den ifølgje naturmangfaldlova få eit styrka vern.

Ved førre hundreårsskifte hekka fleire tusen par dverggjess i Noreg. I dag anslår vi at talet er frå 30 til 35 reproduktive par. Bestanden er kritisk truga (CR) i Noreg. Dverggåsa er truga av utrydding globalt. Talet på par som kjem attende til hekkeområda har vore nokolunde stabilt dei siste ti åra, mens ungeproduksjonen har variert mykje. Overvaking viser at tilfeldige og komplekse hendingar har hatt ein negativ innverknad på bestanden.

Gjennom satellittstudium har det blitt dokumentert at illegal jakt langs trekkvegane er ei viktig årsak til nedgangen i bestanden. Dei siste par åra har hekkinga gitt eit lite, men positivt bidrag til bestanden. Dette kan skuldast fleire faktorar, men det er verdt å framheva den innsatsen som er lagt ned for å halde raudrevbestanden inne i hekkeområdet på eit minimum.

Det er utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for dverggåsa. Hovudmålet med planen er å sikra at dverggåsa ikkje forsvinn som norsk og nordisk hekkefugl. Noreg følgjer opp denne handlingsplanen samstundes som vi også har slutta oss til ein internasjonal handlingsplan for arten. Dverggåsa har i tillegg ein eigen føreskrift etter regelverket om prioriterte artar


Leveområdet til isbjørnen forsvinn

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet


Kongeørna er vanleg i heile Noreg

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Kongeørna er vanleg i store deler av landet, og den norske bestanden er rekna som livskraftig. Kongeørn står ikkje lenger oppført på raudlista for truga artar.

Bestanden av kongeørn har vore overvaka i Norge i mange år. Her har ein fått oversikt over hekketerritoriar som er i bruk og territoriar som ikkje lenger blir nytta av kongeørn. Kartlegging dei seinare åra viser reir i ein del område der det tidlegare ikkje har vore kjent førekomst av kongeørn. Det siste landsdekkande estimatet av kongeørnbestanden er frå 2015. Dette seier at om lag 963 (652-1139) territorier har vore okkuperte av kongeørn i løpet av femårsperioden 2010-2014 (sjå NINA-rapport 1158).

Intensiv overvaking i 12 område

I 2013 ble det satt i gang ei så kalla intensiv overvaking av kongeørn i tolv ulike område over heile Noreg. I desse områda skjer det ei overvaking av 15 faste territoriar innanfor ein radius på cirka 50 kilometer. Overvakinga skal gi betre informasjon om endring i den årlege overlevinga hos vaksne individ og variasjonen i produksjonen av ungar som flyg ut av reiret.

I 2016 ble det observert 46 vellukka hekkingar med totalt 54 ungar eldre enn 50 døgn i områda med intensiv overvaking. Det ble produsert i snitt 0,30 ungar per territorium. Desse tala er lågare enn i 2015. Då ble det påvist totalt 66 vellukka hekkingar med totalt 79 ungar eldre enn 50 dager i dei same områda. Dette er eit snitt på 0,44 unger eldre enn 50 døgn per territorium.

Det var dei to nordlegaste områda, Ringvassøya og Finnmarksvidda, som hadde den høgaste produksjonen av ungar i 2016.

Områder valgt ut for intensiv overvåking av kongeørn

 


Hubroen fortsatt sjelden i Noreg

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Hubroen er vår største ugle, og var ein vanleg hekkefugl i heile landet fram til slutten av 1800-talet. Jakt resulterte i at arten gjekk kraftig tilbake. Tilbakegangen har halde fram, sjølv om hubroen blei freda i 1971. I dag er hovudutbreiinga av arten frå Vest-Agder i sør til Nordland i nord. 

Det siste landsdekkjande anslaget for hubro er på 450 – 680 par. Norsk Ornitologisk Forening (NOF) har ingen gode eksempel frå fylka på bestandar som veks, men fleire bestandar synest å vere meir eller mindre stabile, noko som også gjeld for kjerneområda til hubroen i Nordland og Rogaland.

Hubroen har stort vengespenn og bruker kraftstolpar som utkikkspostar under jakt. Den er derfor særleg utsett for straumoverslag. I dag blir straumoverslag vurdert som den største trugselen for hubroen. Andre viktige årsaker til tilbakegangen er mindre tilgang på byttedyr, menneskeleg forstyrring tidleg i hekkeperioden og bygging av vegar, hytter og vindkraftverk som forstyrrar og øydelegg leveområda til hubroen.

Hubroen fekk ein eigen handlingsplan i 2009. Handlingsplanen inneheld mange tiltak for å betre forholda for arten. Leidningnettet (spesielt 22 kv.) går på kryss og tvers i store delar av landet, og det viktigaste tiltaket er å isolere farlege stolpar og transformatorar i nærleiken av hekkelokalitetar.

Det er viktig å fortsetje kartlegginga for å få betre oversikt over bestanden i fylka, og gjennom handlingsplanen er det etablert overvaking i fleire område i landet. Det er også svært viktig å ta omsyn til hubroen i arealplanlegginga og unngå forstyrringar tidleg i hekkeperioden. I nokre område i Nordland kan det vere aktuelt å ta ut mink for å sikre meir stabil tilgang til byttedyr for hubroen.


Positiv utvikling for slagugla

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Slagugle er kategorisert som sårbar på Norsk raudliste for artar 2015, med ein svært liten reproduserande bestand avgrensa til Hedmark fylke. Slagugle blir frå tid til anna observert også utanfor Hedmark, men er aldri funne hekkande i andre delar av landet etter 1965. 

For å hekke er slagugla i stor grad avhengig av naturlege holrom i grove tre: store ròtehol, eller berre ei grop i toppen av eit brekt tre (skorsteinsstubbe). Etter 1965 er det berre funne fire slike tre med hekkande slagugler. I alle tilfella har det vore rotne, grove osper. Tre av desse er blåse ned, mens den siste er grodd inn av oppveksande ungskog. Etter 2006 har ingen naturlege reir blitt påvist. Mangel på naturlege hekkeplassar i dagens kulturskogar er akutt, og nye oppstår knapt lengre.

Frå tusenårsskiftet har ca 250 spesiallaga slaguglekasser blitt sette ut i skogane i Hedmark, og ca 100 er plasserte i grensetraktene på svensk side. I denne perioden har bestanden hatt ei positiv utvikling på begge sider av grensa. I smågnagaråret 2014 blei det gjort 51 hekkefunn i kassane, 14 av desse var i Hedmark. I 2016 blei det gjort 5 hekkefunn i Hedmark. I 2017 er det venta at bestanden av mus vil ta seg opp og at framgangen for slaguglene vil halde fram som følge av dette.

Restriksjonar med omsyn til skogdrift og andre tiltak frå skogbruket si side er naudsynte for å sikre hekkebestanden hos oss. Minst like viktig er det at kassematerialet framleis blir skjøtta og vedlikehalde. Dersom begge delar blir gjort, er det gode utsikter for at denne karismatiske arten fortsatt kan vere eit spanande innslag i norsk natur. 


Usikkert for snøugla

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tidlegare hekka snøugla regelmessig i fjellområda rundt om i landet i gode smågnagarår. I Sør-Noreg har det ikkje blitt dokumentert hekkefunn sidan 1970-talet. Sidan da har snøugla hovudsakleg hekka i Nord-Noreg, der mangel på gode lemenår har medført lange periodar med få hekkingar.

Likevel kan det framleis gjerast store hekkefunn. Føresetnaden er god tilgang på mat og at fuglar kjem inn frå meir sentrale delar av utbreiingsområdet i Russland. 2011 var eit godt smågnagarår, og samtidig var det vaksne snøugler i Troms og Finnmark. Da blei det gjort minst 43 hekkefunn.

Noreg deler snøuglebestand med Russland. Norske satellittstudiar har vist at vaksne snøugler som har hekka i Noreg vandrar mykje fram og tilbake mellom Noreg og Russland. Nokre gonger så langt aust som til Tajmyrhalvøya i Vest-Sibir. Kunnskap om populasjonen og trugslar i Russland er derfor viktig for å forstå kva faktorar som påverkar arten også i Noreg. 

Nedgang i byttedyrbestandane, klimaendringar, inngrep og forstyrringar i dei viktigaste hekke- og vinterområda, jakt, miljøgifter og sjukdom blir rekna blant dei viktigaste trugslane mot snøugla. Det er viktig at uglene får tilstrekkeleg vern mot menneskelege forstyrringar og jakt. Særleg viktig er det å sikre dei viktigaste hekke- og vinterområda mot inngrep. 


Åkerriksa kritisk truga

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Åkerriksa er sterk knytt til jordbruksareal. Frå slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet gjekk bestanden kraftig tilbake i Noreg. Allereie på 1950-talet var arten nærmast forsvunnen som hekkefugl på store delar av Austlandet. Åkerriksa greidde seg betre i delar av Rogaland, på Lista i Vest-Agder og i delar av Møre og Romsdal. Men også her gjekk bestanden kraftig tilbake.

På midten av 1990-talet var det truleg berre 50–75 syngjande åkerriksehannar i landet kvart år. Frå dette svært låge nivået auka talet fram til 2003, då ca 235 syngjande hannar blei registrerte. I perioden 2004-2010 gjekk bestanden kraftig tilbake og har etter dette hatt ein mindre nedgang. I 2016 blei det berre reistrert 98 synjande hannar, det lågaste resultatet på seks år.

Rogaland og Oslo og Akershus har dei største førekomstane av åkerrikse i Noreg. Over 40 prosent av bestanden har hatt tilhald i desse to fylka dei siste åra. Deretter følger Hedmark og Oppland.

Åkerriksa er klassifisert som kritisk truga på den nasjonale raudlista. Arten har hatt ei tilsvarande negativ bestandsutvikling i dei fleste andre land i Vest-Europa, mens situasjonen førebels er vesentleg betre i Øst-Europa.

Det er gledeleg å konstatere at dei tiltaka som er sat inn for å hjelpe åkerriksa i Noreg ser ut til å verke. Dei fleste hekkefunn i perioden har blitt gjort i område der areala får stå urørte (ingen eller utsett slått).


Damfrosken slit

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Damfrosken er ein kritisk truga art som berre gyter i tre dammar i Noreg. 

Etter fleire svært kalde vintre er talet på vaksne froskar relativt lågt i damfroskområdet. I to av dei tre dammane der frosken gyter er det svært få frosk. Spesielt hoer. I den siste dammen ser det betre ut, den har blitt grave ut for å betre leveforholda for damfrosken. Nærliggjande dammar blir følgt opp for å sjå om damfrosken spreier seg. Førebels ser det ut til at bestanden i damfroskområdet er så liten at dette ikkje skjer.

Det ser ut til å vere ein del forstyrringar ved dammane, blant anna slitasje og nedtråkking av kantane. Det er også rapportert om ulovleg innsamling av damfroskegg.

Miljøstyresmaktene har sett i gong fleire tiltak for å prøve å få bestanden til å auke. Utgraving av dammar er det viktigaste. Vi må gjere fleire tiltak for å ta vare på damfrosken.


Stabilt for oteren

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Europeisk oter, Lutra lutra, er lista som sårbar på Norsk raudliste for artar 2015. Oteren blei totalfreda i Noreg i 1982, mens det var skotpremie på den i perioden 1900-1932.

Vi har ikkje gode tal for kor mange otrar som finst i Noreg. Registreringar av påkøyrde otrar og talet på otrar som er sende inn til undersøking tilseier at situasjonen har vore stabil dei ti siste åra.

Det er framleis i kystområda frå Troms i nord og til og med Møre og Romsdal i sør vi finn dei tettaste førekomstane, men det er mykje som tyder på ein auke i førekomstar i innlandet og også langs kysten lenger sør.

Dei viktigaste trugslane mot oteren er påkøyrslar, drukning i fiskereiskapar og miljøgifter. Otrane nærmar seg fiskereiskapen på grunn av fisken. Ruser og garn kan vere reine dødsfeller for oteren, fordi den kan bli hengande fast og drukne.


Mange sjøfuglartar slit


Hekkebestand for sjøfugl 2016

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Utviklinga i hekkebestandene til sjøfugl i norske havområde blir fulgt kvart år gjennom overvakings- og kartleggingsprogrammet SEAPOP.
Ein kan ikkje seie at 2016 var eit godt produksjonsår for norske sjøfuglar. Likevel var det fleire bestandar som hadde god hekkesuksess i 2016 enn i 2015. I 2016 hadde 49 prosent av dei overvaka artane god suksess, mot 29 prosent året før. Nokre færre hadde eit dårleg år (19 prosent, mot 27 prosent i 2015). For første gong på ti år fekk lunde på Røst ungar på sjøen, sjølv om det berre var 6 prosent av ungane
som overlevde reirtida.

Korleis gjekk det i 2016 for eit utval artar?

Når det gjeld hekkesuksessen i 2016 var det ei klår forbetring å spore for dei fleste pelagiske sjøfuglartane nord i Noreg, det vil seie artar som er tilknytta opent hav slik som lomvi, lunde og alkekonge.

På Røst fekk likevel både krykkje og lunde endå ein dårleg sesong.  Sjølv om berre 6 prosent av lundeungane på Røst overlevde reirtida, er det faktisk første gong på ti år at nokon av dei kom seg på sjøen. I dei arktiske områda var situasjonen relativt bra, med unnatak av polarlomviane på Jan Mayen, der meir enn to av tre par mislukkast.  For dei kysthekkende bestandane langs fastlandkysten i nord, var det berre storjoane på Hjelmsøya som gjorde det bra. Langs Norskehavet hadde dei fleste artane moderat hekkesuksess. Tilhøva i Nordsjøen verka betre. Både skarvar og måkefuglar gjorde det bra dei fleste stadane. På Bjørnøya og Jan Mayen hadde både storjo og polarmåke god produksjon.

Bestandsutviklinga var noko betre i nord enn i sør for fleire av dei pelagiske sjøfuglane, samanlikna med 2015, men mange av bestandane held fram med å gå tilbake. I utgangspunktet var den negative utviklinga noko som gjaldt bestandane i Norskehavet. Den negative trenden har likevel spreidd seg både nordover til Svalbard og sørover langs norskekysten. Verst er situasjonen for krykkje. Med unntak av koloniane på Svalbard og dessutan Hornøya og Hjelmsøya, gjekk bestanden av krykkje tilbake på dei fleste av dei øvrige nøkkellokalitetane også i 2016. Fleire polarlomvier gjekk til hekking på Bjørnøya enn året før, men den langsiktige trenden er framleis negativ både for Spitsbergen, Bjørnøya og Jan Mayen. Då er det gledeleg at den positive utviklinga til lomvi på Bjørnøya og Hjelmsøya held fram.

Bestanden av havsule på Bjørnøya er no oppe i over 50 par, noko som er ei dobling frå året før. Også på Gjesværstappan og Runde er den langsiktige trenden positiv. Bestanden av storjo er i vekst på alle nøkkellokalitetane der arten finst, til trass for ein tilbakegang fleire stadar i 2016. Dette året var eit unnatak på Bjørnøya, med svært sein egglegging og 13 prosent færre par som gjekk til hekking. Det er likevel ikkje noko dramatisk rundt dette.

For dei kystnære bestandane var ikkje 2016 noko godt år. På Anda viste teisten ein kraftig nedgang på heile 49 prosent, medan populasjonen på Sklinna auka. Svartbak gjekk kraftig tilbake, spesielt på Hornøya med ein tilbakegang på heile 75 prosent, men òg i Hordaland (25 prosent). Mønsteret for gråmåke var tilsvarande, med ein nedgang på Hornøya og i Hordaland, men her gjekk òg bestanden på Røst tilbake med heile 44 prosent. Det var òg stor variasjon for sildemåke, med betydeleg nedgang på Sør-Helgeland (32 prosent) og Sklinna (25 prosent), medan det var vekst i bestandane på dei øvrige lokalitetane. Langtidstrenden over siste tiårsperiode er likevel negativ for dei fleste artene på dei fleste lokalitetane. Det er difor god grunn til å følgje med på stormåkane framover. 


Uvisse rundt mange flaggermusartar

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

 

  • Breiøyre er klassifisert som kritisk truga på Norsk raudliste for artar. Frå gammalt av har vi berre fire kjende eldre funn av arten i Noreg. Arten blei funnen igjen i ein tunnel i dvale i nyare tid, og staden er beskytta med ei dør som blir stengd i dvaleperioden. Søk etter arten sommarstid i området rundt dvalestaden og i område kor det er naturleg at den finst har vore negative. 
  • Børsteflaggermus er klassifisert som kritisk truga på Norsk raudliste for artar. Vi veit lite om denne arten i Noreg. Den blei sist sett (fotografert) i Lunner i Oppland i 2010. Søk etter arten sommarstid i eigna lokalitetar og vinterstid i området der den blei funne har vore negative.
  • Tusseflaggermus er klassifisert som sårbar på Norsk raudliste for artar. Fyrste gong det er sikkert at den blei funnen i Noreg var i 2007 i Stavanger. Den kan ha vore oversett tidligare, då den lett kan forvekslast med både trollflaggermus og dvergflaggermus. Fordi tusseflaggermusa ynglar i hus bør det sjekkast nøye i framkant kva art det er, om det skal gjerast tiltak for å stengje ute flaggermus.
  • Trollflaggermus er klassifisert som sårbar på Norsk raudliste for artar. Arten blir registrert både om hausten og om sommaren. Vi veit ikkje om den overvintrar eller om den ynglar i Noreg. Mange funn tyder på at den ynglar her. Arten er ein trekkjande art og mange trekkjer nok utanlands om vinteren.
  • Storflaggermus er klassifisert som sårbar på Norsk raudliste for artar. Det er sannsynleg at arten ynglar hos oss, sjølv om vi enda ikkje har funne nokre storflaggermuskoloniar. Arten er ein trekkjande art og mange trekkjer nok utanlands om vinteren.

Indikator: Talet på truga naturtypar i hovedøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog fjell og ope lågland (kulturlandskap)

Sju truga naturtypar i ferskvatn

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Ifølgje Norsk rødliste for naturtypar 2011 er det sju truga naturtypar i ferskvatn:

  • tre er klassifiserte som sterkt truga (EN) – kalksjø, kalkrike dammar og tjern og dessutan kroksjøar, meandere og flomlaupkroksjøar
  • to er klassifiserte som nær truga (NT) – elvelaup og innsjø
  • to er klassifiserte som sårbare (VU) – klår kalkfattig innsjø og klår intermediær innsjø

Kalksjøar er vurderte som ein sterkt truga naturtype i Noreg. Handlingsplan for kalksjøar blei ferdig i 2011. Formålet med handlingsplana er å verne naturtypen kalksjøar på ein måte og i eit omfang som på lang sikt sikrar naturtypen og artane som er knytte til den, medrekna bevaring av lokalitetar med intakte kransalgeførekomstar. I handlingsplana blei det foreslått tiltak for å verne naturtypen. Desse må byggje på god fagleg kunnskap om naturtypen og artane som er knytte til denne.


Ni truga naturtypar i våtmark

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Nei, vi kan ikkje seie at vi er på rett veg. Saman med skog er det våtmark som har flest truga naturtypar. Av dei ni truga naturtypane i våtmark er heile fire vurderte som sterkt truga (EN) og ein er vurdert som kritisk truga (CR). Situasjonen er dermed dramatisk for mange naturtypar i våtmark.

Det er særleg i lågareliggjande område vi finn mange av dei truga naturtypane i våtmark. Desse områda har vore utsett for sterkt press gjennom oppdyrking, samferdsel, grøfting og andre typar arealendringar.


Ni naturtypar i skog er truga

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Saman med våtmark er det skog som har flest truga naturtypar. Det er særleg i kalkrike område og langs med kysten av Vestlandet og Midt-Noreg vi finn mange av de truga naturtypane i skog.

Ni naturtypar i skog er vurdert som truga. Desse er: kystgranskog, temperert kystfuruskog, kalkrik bøkeskog, lågurt-grankalkskog, kalklindeskog, olivinskog, ravinedal, grankjeldeskog, varmekjær kjeldelauvskog.

Dei truga naturtypane i skog utgjer små areal, men ligg ofte i område med mykje folk og hardt arealpress. Særleg er presset stort frå utbygging, samferdselstiltak, skogbruk og nydyrking.


Ingen truga naturtypar i fjellet

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Det er ingen truga naturtypar i fjellet per i dag.


Tre truga naturtypar i kulturlandskapet

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Nei, vi kan ikkje seie at vi er på rett veg. Det er tre truga naturtypar i kulturlandskapet etter Norsk raudliste for naturtypar (2011). Desse er kulturmarkseng, dvs. beitemark (sårbar), slåtteeng (sterkt truga) og kystlynghei (sterkt truga). Trugslane er i hovudsak attgroing eller intensivering på grunn av endra drift, skogplanting og ulike former for inngrep, nedbygging og anna øydelegging. 

Andre kulturbetinga, truga naturtypar etter Norsk raudliste

Tar vi med dei delvis kulturbetinga naturtypane kjem i tillegg; open, grunnlendt kalkmark (sårbar), sanddynemark (sårbar), sørleg, etablert sanddynemark (sterkt truga) og sørleg strandeng (sterkt truga). To naturtypar som er heilt eller delvis kulturbetinga er omtala under våtmarker. Det er slåttemyrflate (sterkt truga) og slåttemyrkant (kritisk truga).


Indikator: Talet på prioriterte artar i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell, kulturlandskap og ope lågland

13 prioriterte artar

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Dei tretten prioriterte artane etter naturmangfaldlova er fjellrev, fuglane dverggås og svarthalespove (den nordelege underarten), insekta elvesandjeger, eremitt og klippeblåveng og plantane drakehovud, honningblomst, raud skogfrue, svartkurle, skredmjelt, dvergålegras og trøndertorvmose. 

Kor lever dei prioriterte artane?

  • Hav og kyst: dvergålegras
  • Elvar og innsjøar: elvesandjeger lever i flaumsona langs større elvar
  • Våtmark: dverggås, svartkurle, honningblomst og trøndertorvmose
  • Skog: eremitt og raud skogfrue
  • Fjell: dverggås, fjellrev og svartkurle
  • Berg og ur: skredmjelt
  • Kulturlandskap: drakehovud, honningblomst, svartkurle, klippeblåveng, eremitt og svarthalespove (nordleg underart). To av artane høyrer betre heime i hovudhabitatet “berg og ur i låglandet” (klippeblåvinge og drakehovud), og eremitten kan også seiast å vere knytt til hovudhabitatet “skog”, jamvel om den i Noreg er knytt til ein kulturlandskapstype.

Oppfølgjing av artane

Dei artane som er prioriterte følgjast opp, blant anna gjennom eigne føreskrifter etter naturmangfaldlova og eigne handlingsplanar. Førekomstar av økologiske funksjonsområde for prioriterte arter skal innarbeidast i regional og kommunal planlegging.


Indikator: Talet på utvalde naturtypar i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturlandskap og ope lågland

Seks utvalde naturtypar

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Per i dag har vi seks utvalde naturtypar i Noreg; slåttemark, slåttemyr, kalksjøar, kalklindeskog, hole eiker og kystlynghei. Dei utvalde naturtypane inneheld eit stort mangfald av plante- og dyreartar, og berekraftig bruk av områda vil ha stor verdi for å sikre naturmangfaldet.

Kor finst dei?

  • Ferskvatn: kalksjøar
  • Våtmark:  slåttemyr
  • Skog: kalklindeskog
  • Kulturlandskap: slåttemark (inkludert lauveng)hole eiker og kystlynghei

Naturmangfaldlova gir heimel til å vedta utvalde naturtypar. Det er Kongen i statsråd som fastset forskrift for dei utvalde naturtypane. Når ein utvald naturtype skal bli vedteken blir det lagt særleg vekt på om:

  • naturtypen har ei utvikling eller tilstand som strider mot målet i naturmangfaldlova § 4
  • naturtypen er viktig for ein eller fleire prioriterte artar
  • naturtypen har ein vesentleg del av utbreiinga si i Noreg
  • det er internasjonale forpliktingar knytte til naturtypen

Oppfølgjing av utvalde naturtypar

Handlingsplanar gir nærmare retningslinjer for forvaltning, skjøtsel og andre tiltak for dei utvalde naturtypane. Fylkesvise skjøtselsgrupper er oppretta, og tar hand om arbeidet. Desse sikrar at miljø- og landbruksforvaltninga er godt samordna. Nasjonale koordinatorar sikrar fagleg god og mest mogleg lik praksis.


1.3 Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar

Miljømål 1.3 Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar

Indikator: Verna areal (km2) totalt, og fordelt på hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og ope lågland (kulturlandskap)

Mykje verna fjell, lite verna skog og sjø

Verna natur i Noreg

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Samla sett er om lag 17 prosent av landarealet i Noreg verna etter kapittel fem i naturmangfaldlova. Det er store variasjonar mellom hovudøkosystema. Mykje fjell er verna, men lite skog. Mindre enn tre prosent av hav- og kystområda er verna.

Fleire fagrapportar har peikt på at mange viktige naturtypar er for dårleg fanga opp til at vernet kan seiast å vere representativt. Norsk institutt for naturforskning (NINA) har evaluert vernet i Noreg. Rapporten frå NINA viser at det framleis er klare manglar ved vernet. Meir enn halvparten av dei 65 naturtypane NINA har vurdert, reknast å ha eit stort udekt behov for vern.

Mykje verna fjell

Det kan framleis finnast naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar vi målet om eit representativt vern av fjellet som oppnådd.

Middels vern av ferskvatn, våtmarker og ope lågland

Forskarane meiner det er eit klart behov for å verne fleire naturtypar i låglandet og nær kysten. Derfor er det framleis eit stykke igjen før målet om eit representativt vern er oppnådd for elvar og innsjøar, våtmark og ope lågland.

Lite verna skog 

Skogvernet i Noreg har auka vesentleg dei siste åra. I skog er likevel berre 6,4 prosent av arealet verna. På deler av dette arealet er likevel ikkje all skogen verna mot hogst. Dette gjeld til dømes i alle landskapsvernområda. Fagrapportar har også påvist klare manglar ved det norske skogvernet. Dette gjeld både den geografiske fordelinga av vernet, og at fleire skogtypar er for dårleg representert.

Produktiv skog - der produksjonsevna er minst 1m3 per hektar og år - blir rekna som ein særskild arealklasse. Nesten 3/4 av all skog i Noreg er produktiv. Produktiv skog har som hovudregel større biologisk mangfald enn uproduktiv skog. Ifølgje Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er berre i overkant av 2,9 prosent av den produktive skogen verna.

Til trass for den positive trenden, er målet om eit representativt vern av skogen enno eit godt stykke unna.

Lite verna marine område

Det er berre det marine arealet ut til territorialgrensa (12 nautiske mil) som kan vernast etter naturmangfaldlova. Berre 2,6 prosent av dette arealet er verna. Derfor er det framleis langt igjen til målet om eit representativt vern av marine område er oppnådd. Arbeidet med marint vern gjer det mogeleg å auke vernet.

Noko sjøareal er også beskytta under fiskerilovgivinga. Dette dreiar seg primært om viktige korallførekomstar. Desse utgjer ca. 2400 km2, og dei aller fleste finst utanfor territorialgrensa, det vil seie i Noregs økonomiske sone.


Indikator: Total del av verneområda der verneverdiane er under press eller redusert, og del av verneområda i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og ope lågland (kulturlandskap) der verneverdiane er utsett for negativ påverknad

Nær ein tredjedel av verneområda truga

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Det er registrert totalt 793 truga verneområde i Noreg. Det vil seie at ca. 30 prosent av verneområda i Noreg er vurderte som truga. Målet er at ingen verneområde skal vere truga. Det er stykke igjen før dette målet er nådd. 

Vi gjere merksam på at eitt og same verneområde kan dekkje fleire hovudøkosystem, og det vil då bli rekna fleire gonger i figuren over.

Korleis vurderer vi om eit verneområde er truga?

Miljøstyresmaktene lanserte våren 2015 eit nytt fagsystem for verneområde. I dette systemet skal vi samle opplysningar om tilstand i verneområde på ein einskapleg måte. På sikt vil data frå dette systemet og bli brukt til å vurdere om eit område er truga eller ikkje.

I tillegg til dette ber vi med jamne mellomrom forvaltningsstyresmakta for alle verneområde om å gjera ei fagleg vurderinga av om verneområde dei forvaltar er truga.

Denne faglege vurderinga skal skje etter eit definert sett med kriterium, og er basert på om det er konkrete trugslar og utfordringar i, eller like utanfor, verneområdet. Med "truga" meinast at området står i fare å miste, eller få redusert, viktige verneverdiar innan relativt kort tid (1 års perspektiv, dvs. det skal gi eit augneblikksbilete av situasjonen).

Gjengroing, framande artar, forstyrringar, slitasje, forureining, forsøpling, tekniske inngrep og næringssvikt for artane som lever her er eksempel på kva som kan truge verneverdiane. Område som ikkje blir vurderte som truga på kort sikt, kan likevel ha utfordringar knytte til desse eksempla. Dersom utviklinga i slike område går i feil retning, kan statusen bli endra til truga.


Indikator: Delen av verneområda (i prosent) som har ein godkjent forvaltningsplan, og delen av verneområda i hovudøkosystema hav og kyst, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og ope lågland (kulturlandskap) som har ein godkjent forvaltningsplan

Over ein fjerdedel av verneområda har forvaltningsplan

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I Noreg har om lag 720 verneområde ein forvaltnings- eller skjøtselsplan. Det vil seie at ca. 28 prosent av verneområda har ein slik plan. 

Behovet for å ha forvaltningsplan er ulik for ulike type område, og er særlig knytt til behov for skjøtsel og andre tiltak og kor omfattande bruken av områda er. Det er tidlegare vurdert at om lag 1500 verneområde treng ein forvaltnings-eller skjøtselplan. 

Verneområda knytt til fjellet kjem best ut når det gjeld kor stor del av det verna arealet som har forvaltningsplan. Årsaka er at dei fleste nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda ligg i fjellområda, og for desse er det krav om å lage forvaltningsplan.

Nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda utgjer klart mest av det totale arealet som er verna. Sidan desse ofte har forvaltningsplan, gjer dei stort utslag på del av verna areal med forvaltningsplan. Dette er tydeleg i hovudøkosystema fjell, elvar og innsjøar, samt ope lågland. I alle desse er del av verna areal med forvaltningsplan 66 prosent eller meir. Dette er ei god utvikling.

Naturreservat og andre verneområde er ofte små og oppretta for å beskytte bestemte og avgrensa verneverdiar. Derfor er talet på verneområde med forvaltningsplan eit betre mål for slike verneområde. Få verneområde i våtmark, elvar og innsjøar, ope lågland og skog har forvaltningsplanar. Både våtmark og ope lågland har mange truga naturtypar som krev tiltak og skjøtsel. Derfor er det viktig å auke talet på forvaltningsplaner i desse hovudøkosystema. 

Kva er ein forvaltningsplan?

Omgrepet forvaltningsplan bruker vi her i ei vid tyding. Det eine ytterpunktet er dei omfattande forvaltningsplanane som blir vedtekne for alle nasjonalparkar. Det andre er enklare former for planar som forvaltningsstyresmaktene lagar for å følgje opp konkrete verneverdiar. Nokre av planane er laga ei tid tilbake, og kan ha vesentleg behov for å bli oppdatert og revidert.