2. Kulturminne og kulturmiljø

2.1 Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.
Er vi på rett veg?
1 2 1 3
2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Er vi på rett veg?
4 1
2.3 Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.
Er vi på rett veg?
1
2.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Er vi på rett veg?
2

Innholdsfortegnelse

2.1 Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

Er vi på rett veg?
  • Ein prosent SEFRAK-bygningar går tapt kvart år 1
Er vi på rett veg?
  • Tap av kulturminne i kulturlandskap forma av jordbruket 3
Er vi på rett veg?
  • Få kommunar har oversikt over verneverdige kulturminne 4
Er vi på rett veg?
  • Jamn auke i talet på kommunar med kulturminneplan 5
Er vi på rett veg?
  • Nær 1000 kulturminne og kulturmiljø registert i Askeladden 7

Miljømål 2.1 Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

Indikator: Prosentvis årleg tap av verneverdige kulturminne i utvalte område

Indikator: Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar i utvalte område

Ein prosent SEFRAK-bygningar går tapt kvart år

SEFRAK er eit landsdekkjande register over eldre bygningar frå før 1900. Registeret byggjer på ei landsomfattande registrering av hus, som blei satt i gang i 1970-åra. Riksantikvaren er ansvarleg for kontrollregistreringar, som blir gjennomførte med intervall (omdrev) på fem år. Kartet viser bygningar i SEFRAK-registeret på Bygdøy i Oslofjorden, og i delar av Oslo. Du kan zoome i kartet for å utforske nærmare. Klikkar du på "Utforsk kart" kan du søkje opp bygningar i ditt eige nærmiljø.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

I 2014 vart kommunane Holmestrand, Samnanger, Bø (i Telemark) og Sarpsborg kontrollregistrerte for tredje gong som ein del av overvakingsprogrammet «Gamle hus da og nå». Den førre kontrollregistreringa i desse kommunane var i 2009. I alt vart 2770 SEFRAK-registrerte bygningar kontrollerte i 2014, og det viste seg at 142 bygningar hadde gått tapt sidan 2009. Dette er eit samla årleg tap på 1 prosent.

Med kontrollregistreringa i 2014 blei det tredje omdrevet avslutta, det vil seie at dei 18 kommunane som inngår i overvakingsprogrammet er kontrollerte over ein tidsperiode frå 2000 til 2014. Ved oppstarten i 2000 var rundt 14 000 SEFRAK-bygningar med i overvakingsprogrammet. Etter 15 år var talet redusert til 10 750 bygningar. 4 prosent av desse er sterkt truga, 10 prosent er truga og 46 prosent er endra. Tapsprosenten har vore gjennomgåande høg sidan år 2000, rundt 1 prosent årleg.

Vern gjennom bruk

Resultata stadfestar tidlegare observerte tendensar i utviklinga. Årsaker til tap er i hovudsak knytt til riving, offentlege planvedtak eller flytting og dels forfall/ opprydjing og naturkatastrofar. Utmarksbygningar og store driftsbygningar i landbruket har den høgaste akkumulerte tapsandelen over tid. Vi ser også tendensar til at SEFRAK-bygningar med kommunalt vern har ein lågare tapsandel og er i betre stand enn bygningar utan vern.

Resultata stadfestar òg kulturminneforvaltninga sitt mål om vern gjennom bruk. Hustypar som er i bruk, har lågare tapsprosent enn bygningar som ikkje er i bruk. Bygningar som er endra er også vanlegvis i betre stand enn uendra bygningar. Funksjonsendringar, til dømes når bruksbygningar blir gjort om til fritidshus, kan føre til at bygningar blir sette i stand og tekne i bruk att. Å gje løyve til bruksendringar - og å avklare hvilke endringar som kan tillatast - er eit viktig tiltak for å ta vare på SEFRAK-bygningar.

Manglande bruk gir forfall

Manglande bruk er den største trugselen for alle hustypar. Dersom det er vanskeleg å finne nye bruksområde for bygningane, står dei i fare for å forfalle gradvis, til dei til slutt går tapt på grunn av dårleg teknisk tilstand.

For dei mindre uthusa er tapet synkande. Årsaken kan vere at dei mindre uthusa er betre egna for funksjonsendringar og tek mindre plass i tunet, denne bygningstypen inneheld òg statustbygningar som stabbur og loft.


Indikator: Størrelsen på areal med bevaringsstatus etter plan- og bygningslova

Areal med bevaringsstatus aukar

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Utbygging og andre fysiske inngrep kan truge verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Det er derfor viktig å regulere bruken av areala omkring kulturminna på ein god måte.

Kvart år rapporterer kommunane kor store areal som er regulerte til vern av kulturminne og kulturmiljø etter plan- og bygningsloven til KOSTRA (KOmmune – STat–RApportering). Desse areala har auka dei seinere åra.


Indikator: Prosentvis årleg tap av kulturminne i jordbruket sitt kulturlandskap

Tap av kulturminne i kulturlandskap forma av jordbruket

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Flyfotografering blir brukt for å dokumentere kulturminne i jordbrukslandskapet. Det er vanskeleg å følgje med på korleis det går med bygningar, steingjerder, ruinar og andre kulturminne, da mange av dei ligg i terreng med vegetasjon som skjuler dei på flybileta. Mellom 11 og 15 prosent av kulturminna er borte, men det er ikkje registrert særlege endringar dei siste fem åra.

I løpet av dei siste fem åra er det registert små endringar i arealbruken rundt kulturminne i jordbrukslandskapet. Det er registert noko mindre skog. Samtidig er det registrert mindre åker/ eng/ hagebruk, og meir villeng. Dette kan indikere ei auka gjengroing.

Setrene er marginalisert

Nær 1600 setre i utvalde regionar er undersøkte. Det viser seg at dei typiske seterhusa er mindre godt bevart, særleg er fjøsa utsett for forfall. Medan nærmare 70 prosent av seterstuene er i god stand, er tala for fjøs og løer på 43 prosent og 29 prosent. I overkant av ein fjerdedel av setrene viser ingen teikn til bruk av noko slag. Dette betyr som regel forfall og gjengroing.

Bruksfrekvensen varierer få landsdel til landsdel. Berre fire prosent av setrene er i drift med mjølkeproduksjon, og på rundt 30 prosent blir det drive slått eller beite. Nær 60 prosent av setrene blir berre brukt i fritidssamanheng og for ein prosent er turisme ein del av drifta (servering, formidling, overnattingstilbod).

Setrene på Austlandet er meir tilgjengelege og enklare å kome til enn dei på Vestlandet. Det har stor betydning for bruk, vedlikehald og utvikling. Sju prosent av setrene er knytt til strømnettet, det betyr også mykje for sjølve bruken av dei.

Betre tal om fem år

Kulturminna som er undersøkt til no er henta frå spesifikke regionar. Først etter om lag fem år vil vi ha data frå heile landet, og da vil vi få  betre kunnskap om tilstanden på landsbasis.


Indikator: Talet på kommunar med oppdatert oversikt over verneverdige kulturminne og kulturmiljø

Få kommunar har oversikt over verneverdige kulturminne

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Ifølgje tal frå KOSTRA (KOmmuneSTatRApportering) har få kommunar oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Berre om lag 130 kommunar har ein slik oversikt i dag. Gjennom satsinga Kunnskapsløftet, som skjer i regi av Riksantikvaren, vil fleire kommunar få betre kunnskap om dette.


Indikator: Talet på kommunar med plan etter PBL for kulturminne og kulturmiljø (finst i KOSTRA)

Jamn auke i talet på kommunar med kulturminneplan

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Tendensen viser ei jamn auke i talet på kommunar med vedtekne kommuneplanar som omhandlar kulturminne og kulturmiljø. Omlag 200 kommunar har utarbeida slike kulturminneplanar av nyare dato. Samtidig er det bekymringsfullt at over halvparten av norske kommunar ikkje har god nok oversikt over kva slags kulturminne som finst innanfor kommunegrensene, og ikkje har nokon vedteken plan for å sikre dei verneverdige kulturminna.

Riksantikvarens satsing «Kulturminne i kommunane» (Kompetanse i kommunane) tek mellom anna sikte på å styrke lokal kulturminnekompetanse gjennom utarbeiding av kom­munale kulturminneplanar.


Indikator: Talet på kommunar med tilgang på kulturminnekompetanse (finst i KOSTRA)

Tilgang til kulturminnekompetanse

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Kommunane er viktige kulturminneforvaltarar. Ifølje KOSTRA-tal (KOmmune-STat-RApportering) har 123 kommunar tilgang til kulturminnefagleg kompetanse.

Riksantikvaren har iverksett ei rekkje tiltak for å styrke kompetansen i kommunane. I satsinga Kunnskapsløftet gjev Riksantikvaren midlar til registreringar, kulturminneplanar og kulturhistoriske steds- (DIVE) og landskapsanalysar i kommunane. I tillegg støttar Riksantikvaren fylkeskommunar som satsar særleg på oppfølging av desse kommunane.

KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som gjev styringsinformasjon om kommunal verksemd. Oppdaterte KOSTRA-tal finn du på nettsidene til Statistisk sentralbyrå (SSB).


Indikator: Talet på verneverdige kulturminne og kulturmiljø i Askeladden

Nær 1000 kulturminne og kulturmiljø registert i Askeladden

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

I Askeladden er det registrert 9654 verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Dette inkluderer alle listeførde kyrkjer, kommunalt listeførde objekt og statleg listeførde objekt. 

Askeladden er Riksantikvarens database over freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Askeladden inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova, eller vurderte som verneverdige.

Databasen omfattar arkeologiske kulturminne som er automatisk freda, eller som krev vidare undersøkingar før fredingsstatus kan fastsetjast (uavklart vernestatus), nyare tids kulturminne som er freda, mellombels freda, verna etter plan- og bygningslova eller vurderte som verneverdige. Med «nyare tids kulturminne» meiner ein bygg, anlegg og kyrkjer frå etter reformasjonen (etter 1537).

Askeladden er eit verkty for kulturminneforvaltninga og ein må registrere seg på nettsida for å få tilgang til basen. 


2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Er vi på rett veg?
  • Få kulturminne fjerna gjennom dispensasjon 9

Miljømål 2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Indikator: Årleg tap og skade på arkeologiske kulturminne i utvalte område og etter årsaksforhold

Få går tapt, men nye skadar oppstår stadig

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Arkeologiske kulturminne i 16 kommunar rundt om i landet har blitt undersøkt tre gonger i løpet av 15 år. Sist gong var i 2014. Resultata viser at tapet av arkeologiske kulturminne har gått signifikant ned sidan 2005. Dei siste åra har under 0,5 prosent gått tapt kvart år. 

Samtidig oppstår stadig nye skadar på kulturminnene. Dei ny-registrerte skadane er ofte ytterlegare skade på arkeologiske kulturminne som allereie er skada. Kulturminne som er sterkt skada, får dårlegare opplevingsverdi og blir såleis ikkje tatt like mykje hensyn til. På sikt kan desse derfor gå tapt. Mest urovekkande er det at talet på arkeologiske kulturminne som har forsvunne eller gått tapt, stadig aukar med tida.

Aktivitetar knytt til jordbruk, hus og fritid påfører arkeologiske kulturminne mest skade. Bygg- og anleggsverksemd fører også til skadar.

Gjengroing eit aukande problem

Jordbruksverksemd er ein kjend trugsel mot kulturminne. Omleggingane i jordbruket dei seinare åra er samtidig ein medvirkande faktor til den stadig aukande gjengroinga. Det at tidlegare dyrka mark og beiteområder gror att, er nok ein av dei viktigaste grunnane til at arkeologiske kulturminne ikkje blir funne att og forsvinn. Aukande krattvekst i viddeområder og ei tregrense som stadig kryp høgare opp, er ein trugsel for at kulturminne kan forsvinne og at dei ikkje er synlege på markoverflata lenger. Dette er mellom anna tilfelle i Sortland kommune i Nordland.

Skadar som kan knyttast til skogbruk og natur har òg auka dei siste åra. Skadar som er kategoriserte som naturskader kan knyttast til blant anna erosjon og rotvelt. 

Kunnskapen må aukast hos folk flest

Skadar i samband med fritidsaktivitetar er knytta til at kulturminna blant anna blir brukt som underlag til bålbrenning eller brenning av hageavfall. Nokre kultuminne blir skada når hageanlegg blir utbetra eller når dei brukast som lagringsplass for søppel. 

Det behov for fleire og sterkare tiltak og verkemiddel for å auke kunnskapen hos folk flest om korleis arkeologiske kulturminne skal takast vare på.


Indikator: Talet på arkeologiske kulturminne som blir fjerna gjennom dispensasjon

Få kulturminne fjerna gjennom dispensasjon

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Det kontrollerte tapet av automatisk freda kulturminne gjennom gitte dispensasjonar blir oppretthalde på om lag same nivå som tidlegare år. Denne utviklinga kan ha samanheng med at prøveprosjektet med delegert myndighet i visse saker (i henhold til kulturminneloven §§ 8 første, andre og fjerde ledd) vart utvida frå 10 til 18 fylkeskommunar i 2013.

I nokre tilfelle kan dispensasjonar bli gjeve med spesielle vilkår, til dømes arkeologiske utgravingar.

Eit nytt fem-årig miljøovervakingsprogram med  tilstandsovervaking vil vere positivt for å kunne følgje med på måloppnåinga. 


Indikator: Talet på arkeologiske kulturminne der det er utført undersøkingar for å dokumentere og ivareta kjeldeverdi

Dokumentere og ivareta kjeldeverdi

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Dei siste åra har fylka registert tilstanden til arkeologiske kulturminne rundt om i landet. Dei kulturminna det dreier seg om, er dei som skal vedlikehaldast og bli tilrettelagt for publikum. Det er òg utarbeidd lister over prioriterte arkeologiske kulturminne som skal sikrast og gjerast tilgjengelege.

I 2014 har det pågått skjøtsel og tilrettelegging av automatisk freda kulturminne og - miljø over heile landet i regi av Riksantikvarens bevaringsprogram (BARK). Dette omfattar 131 kulturminne/-miljø. 75 kulturminne er ferdigstilte, medan øvrige tiltak er vidareført.

For 145 av desse kulturminna er det nå rapportert eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå på, der 64 prosent (93 lokalitetar) er tilrettelagt for publikum.


Indikator: Talet på arkeologiske kulturminne der det er utført utbetrande tiltak og/eller tilrettelegging

Mange tiltak er gjennomførde

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

For bevaringsprogramma bergkunst og utvalde arkeologiske kulturminne (BERG og BARK) er det igangsett og utført skjøtsel, sikring og tilretteleggingstiltak. Dette har ført til at fleire arkeologiske kulturminne har fått eit tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå, og dei er såleis sikra mot ytterlegare forvitring og forfall.

Stor endring frå 2013

For utvalde arkeologiske kulturminne og bergkunst som er tilrettelagde for publikum, har det vore stor auke i talet på kulturminne med eit tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå. Dette skuldast at ein har fullført både ei rekke nye tiltak og fullført tiltak som har vore igangsett tidlegare. Eit forbetra system for innrapportering av tilstand og status har òg vore ein viktig faktor.

  • For 145 kulturminne som omfattast av bevaringsprogrammet for arkeologiske kulturminne, er det no rapportert eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå, der 64 prosent (93 lokalitetar) er  tilrettelagde for publikum.
  • For 147 kulturminne som omfattast av bevaringsprogrammet for bergkunst, er det rapportert eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå, der 32 prosent (47 lokalitetar) er tilrettelagde for publikum på ein tilfredsstillande måte.

Indikator: Talet på arkeologiske kulturminne med eit tilfredsstillande bevarings- og vedlikehaldsnivå

Indikator: Talet på arkeologiske kulturminne med eit tilfredsstillande bevarings- og vedlikehaldsnivå som er tilrettelagt for publikum

Tilrettelegging for publikum

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Fleire bergkunst-lokalitetar og utvalde arkeologiske kulturminne er no tilrettelagt for publikum samtidig som dei har fått eit tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå.

Stor endring frå 2012

For utvalde arkeologiske kulturminne og bergkunst som er tilrettelagt for publikum har det vore stor auke i talet på kulturminne med eit tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå. Dette skyldast at ein har fullført både ei rekke nye tiltak og fullført tiltak som har vore igangsett tidlegare. Eit forbetra system for innrapportering av tilstand og status har òg vore ein viktig faktor.

For 93 kulturminne som omfattast av bevaringsprogrammet for arkeologiske kulturminne er det nå rapportert eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå, der 75 prosent (70 lokalitetar) er tilrettelagt for publikum.

For 96 kulturminne som omfattes av bevaringsprogrammet for bergkunst er det rapportert eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå, der 22 prosent (22 lokalitetar) er tilrettelagt for publikum.


2.3 Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

Miljømål 2.3 Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

Indikator: Talet på freda bygningar og anlegg fordelte etter geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsmessig breidde

Betre breidde i fredingane

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Dei fleste freda bygningar i Noreg er frå 1800-talet, men bygningar frå 1900-talet er blitt betre representert gjennom nye fredingar dei seinare åra. Alle bygningar frå før 1537 er automatisk freda. 

Ved utgangen av mai 2015 var 6635 bygningar og anlegg vedtaksfreda, forskriftsfreda eller var gitt ei førebels freding. Oslo, Hordaland og Oppland har flest vedtaks- og forskriftsfredingar, medan Troms, Møre og Romsdal og Vest-Agder har færrast.

Kva for bygningar er freda?

Dei fleste freda bygningar og anlegg er knytt til primærnæringar, i all hovudsak til landbruket. Få fredingar er knytte til industri, bergverk og vass- og kraftforsyning. Det er òg svært få fredingar som er knytte til religion, tradisjon og hendingar.

For dei byningane som er vedtaks- og forskriftsfreda er det registrert sosial fordeling for meir enn halvparten. Registreringane viser at dei største gruppene er bønder (22 prosent), og sivile embetspersonar (6 prosent). Svært få kulturminne er registrerte med ei etnisk tilknyting.

Nasjonale verneplanar gjev betre breidde

Omfattande kulturmiljøfredingar dei siste åra, og utarbeiding av nasjonale verneplanar har i stor grad betra den sosiale, geografiske og tidsmessige breidda i fredingane.

Sjølv om ikkje alle hovudgruppene er godt nok representerte, omfattar likevel vedtaksfredingane alle kulturminnetypar, og da særleg dei som har nasjonal verdi.


2.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Er vi på rett veg?
  • Godt vedlikshaldsnivå på fleire område, ein del står att 14
Er vi på rett veg?
  • Freda fartøy i god stand, framleis behov for restaurering av verna fartøy 15

Miljømål 2.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Indikator: Delen freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå (i prosent)

Godt vedlikshaldsnivå på fleire område, ein del står att

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

I 2011 sette Riksantikvaren i gang bevaringsprogram for freda bygningar i privat eige, tekniske og industrielle kulturminne, ruinar, samiske bygningar, verdsarv, bergkunst, fartøy, arkeologiske kulturminne og brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

Bevaringsprogramma skal løfte freda bygningar, anlegg og fartøy opp til eit ordinært vedlikehaldsnivå. Etterslepet på istandsetting og vedlikehald er likevel stadig stort.

26 av 28 stavkyrkjer har ordinært vedlikehaldsnivå

Arbeidet med å setje i stand stavkyrkjer innan 2015 har god progresjon, og er i rute. Dette er eit viktig løft for å ta vare på nokre av dei fremste kulturskattane våre. Alle dei 28 stavkyrkjene er blitt tilstandsvurdert, og 26 stavkyrkjer var per 31. desember 2014 sett i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. Røldal er den einaste stavkyrkja det ikkje er sett i gang arbeid på.

I 2014 vart  det gjennomført evalueringer på det utførte konserveringsarbeidet. Det er også utarbeida vedlikehaldsplanar for fleire av stavkyrkjene. Etterarbeid, ferdigbefaring, dokumentasjon og innsamling bidreg til at stavkyrkjeprogrammet blir endeleg avslutta i 2016.

43 prosent av freda bygningar i privat eige har ordinært vedlikehaldsnivå

Per 31. desember 2014 hadde 43 prosent av dei freda bygningane i privat eige ordinært vedlikehaldsnivå. Desse tala er usikre, og det kan også vere eit visst etterslep i fylkeskommunanes registrering av tilstand.

Manglar total oversikt over samiske kulturminne

Per i dag finst det ingen samla oversikt over dei samiske kulturminna. Den registrerte tilstandsgraden for 113 av dei samiske freda bygningane som er registerte i kulturminnedatabasen Askeladden i 2013 - 2014 viser at 38 prosent har ordinært vedlikehaldsnivå, 35 prosent har moderat og 27 prosent har omfattande vedlikehaldsbehov.

Ein utfordring er òg mangel på handverkarar som har spesialisert kompetanse på å restaurere samiske kulturminne.

Arbeidet med verdsarvstedet Bryggen i Bergen i rute

Det er per i dag berre på Bryggen i Bergen at omfanget av det totale behovet for  å setje i stand er klart definert. Dette arbeidet er i rute. For dei øvrige verdsarvområda er det nødvendig å avklare ambisjonsnivå, innretning av økonomiske verkemidlar og samarbeid med andre sektorar.

Ni teknisk-industrielle kulturminne istandsett

Per 31. desember 2014 er ni teknisk-industrielle kulturminne istandsett. Måla for bevaringsprogrammet er ferd med å bli nådd for dei kulturminna som var rekna med frå starten, med eit unntak. Rjukanbanen vil ikkje nå måla før ved utgangen av 2017. For dei kulturminna som er kome til seinare, er det behov for å utsette målet om ordinært vedlikehaldsnivå til utgangen av 2020.

Styrka innsats mot brannsikring

Innsatsen mot brann i trehus vart styrka med auka bevilgning til brannsikring på ti millionar kroner ekstra i 2014, gjennom revidert nasjonalbudsjett. Av dette vart åtte millionar retta mot tette trehusmiljø. Tiltaka blir utførte i løpet av 2015.

Arbeidet med ruinar i rute

Per 31. desember 2013 var 16 ruinar ferdigstilte, og i 2014 vart det utført arbeid på 18 ruinar i form av konservering, skjøtsel av murane og området omkring, skilting og tilrettelegging. Arbeida på ruinane er i rute og vil bli avslutta i 2015.

Postiv utvikling for bergkunst og utvalde arkeologiske kulturminner

Det har vore ei positiv utvikling frå 2013 for både bergkunst og utvalde arkeologiske kulturminne. Både for skjøtsel og sikring og for tilrettelegging av kulturminne for publikum har det vore ein kraftig vekst i talet på kulturminne som har eit tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå. Endringa har vore stor frå 2013. Dette skuldast fullføring av ei rekkje nye og tidlegare tiltak, men i noko grad også eit forbetra  system for å rapportera tilstand og status. 

120 bergkunstlokalitetar og 131 utvalde arkeologiske kulturminne vart underlagt utbetrande tiltak og/eller tilrettelegging i 2014.


Indikator: Talet på freda fartøy og fartøy som inngår i verneplan for fartøy, og som er sette i stand

Freda fartøy i god stand, framleis behov for restaurering av verna fartøy

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Riksantikvaren

Alle dei 15 freda fartøya i Noreg har etter kvart kome i god stand. Disse fartøya er freda etter kulturminnelova § 14a. Ifølgje Nasjonal verneplan for fartøy 2010-2017 skal det skje ei planmessig freding av fartøy etter kategoriar. Arbeidet med bilferjer er avslutta. I 2014 vart arbeidet med freding av passasjerskip vidareført. Vidare følgjer arbeidet med spesialskip og lasteskip fram til 2016 og fritidsbåtar fram til 2017.

Mange av dei 240 verna fartøya har framleis behov for omfattande restaurering og vedlikehald. Når fartøy er verna betyr det at det er inngått ein avtale mellom eigaren og Riksantikvaren om å ta vare på fartøyet. Blant anna skal fartøyet settast i stand etter antikvariske prinsipp.