Filter
Laster...

INDIKATOR

Indikator for utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikal

Type indikator Påverknad

Indikatoren viser utviklinga i bruk av 4 kategoriar farleg stoff; stoff som kan gi kreft, skade forplantningsevna, fosterskadar eller genetiske skadar, stoff som kan gi allergiske reaksjonar, stoff som er miljøskadelege med langtidsverknader for liv i vatn og stoff som er kronisk giftige. Indikatoren viser også utslepp av helse- og miljøfarlege stoff frå landbasert industri.

For å plassere stoffa i dei ulike farekategoriane er det teke utgangspunkt i vedlegg VI i forskrift om klassifisering, merking og emballering av stoff og stoffblandingar (CLP). Forskriften gjeld i EU/EØS og vedlegget angir klassifisering for ei rekkje stoff. For stoff som er miljøskadelege med langtidsverknader for liv i vatn er også stoffa som er klassifiserte som persistente, bioakkumularende og persistente (eller veldig persistente og veldig bioakkumulerande) på kandidatlista teke med.

Indikatoren viser også utslepp av helse- og miljøfarlege stoff frå landbasert industri.

 

Innhald og utslepp av farleg stoff i faste produkt er ikkje med i indikatoren.

 

Inneheld status (Sist oppdatert)
Geografisk dekning Nasjonalt
Kan brukast på sektor
Ansvarleg etat Miljødirektoratet Miljøgiftavdelinga. Produktseksjonen
Kor ofte indikatoren oppdaterast Årleg

Årleg

Kontaktinformasjon
DATASETT

Datakilden er egenrapportering frå landbasert industri til Miljødirektoratet eller fylkesmann og produktregisteret i Miljødirektoratet. Datasettet viser også bruk av farlege kjemiske stoff i kjemiske produkt som profesjonelle og private forbrukarar brukar. "Miljøfarlege stoff med langtidsverknad" inkluderer dei prioriterte miljøgiftene. Det er desse stoffa vi meiner er dei aller mest miljøfarlege. Dei er persistente og blir akkumulerte i næringskjeda, og kan i tillegg vere toksiske.

Pliktig internasjonal rapportering
Anna internasjonal rapportering