3. Friluftsliv

3.1 Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.
Er vi på rett veg?
2 5 1
3.2 Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.
Er vi på rett veg?
1

3.1 Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

Er vi på rett veg?
  • Mange deltek i friluftsliv 1
Er vi på rett veg?
  • Stadig fleire statleg sikra offentlege friluftsområde 3
Er vi på rett veg?
  • Kjennskap til allemannsretten 4
Er vi på rett veg?
  • Mindre tilgjengeleg strandsone 6
  • Mindre byggeaktivitet i strandsona 7
Er vi på rett veg?
  • Ni av ti søknader om dispensasjon innvilga 8

Miljømål 3.1 Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

Indikator: Del av befolkninga som deltek i friluftslivsaktivitetar

Mange deltek i friluftsliv

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Kategorien kortare spaserturar blei ikkje målt i 2011.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Nordmenn er svært aktive utøvarar av friluftsliv, og det er dei enklaste friluftsaktivitetane som er mest populære.

I perioden frå 2004 til 2014 var korte spaserturar og kortare fotturar mest populært. Kortare turar er turar på mindre enn tre timar.

84 prosent av befolkninga på 16 år og over oppgjev at dei har gått ein kort spasertur, og 86 prosent har gått ein kort fottur i skog eller fjell det siste året. Dette går fram av levekårundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå.

Kor mykje vi deltek i friluftsliv avheng blant anna av utdanning og inntekt. Deltaking i enkle friluftslivsaktivitetar – som spaserturar og fiske – er jamnast fordelt i befolkninga. Personar med høgare utdanning er mest aktive. Samanliknar vi grupper med ulik sjølvdefinert økonomisk status, er yrkesaktive og studentar jamt over meir aktive enn arbeidsledige.

Spaserturar er den aktiviteten som har minst sosial ulikskap i deltakinga. Det er mindre sosial ulikskap i deltakinga i friluftsliv enn i andre former for fysisk aktivitet, som for eksempel organisert trening.


Indikator: Del av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader som har trygt og tilgjengeleg leike- og rekreasjonsareal innan 500 meters avstand

Lita endring i tilgang til rekreasjonsareal

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Om lag halvparten av innbyggjarane i tettstader har trygg tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng, det viser berekningar frå Statistisk sentralbyrå (SSB). SSB har undersøkt trygt og tilgjengeleg leike- og rekreasjonsareal og nærturterreng for alle kommunar i landet i 2011, 2013 og 2015. Undersøkingane gir svar på:

  • delen av busette, bustader, skular og barnehagar som har trygg tilgang til nærturterreng (store naturområde på minst 200 dekar) innan 500 meters avstand
  • delen av busette, bustader, skular og barnehagar som har trygg tilgang til rekreasjonsareal (mindre naturområde på minst 5 dekar) innan 200 meters avstand

Tala for 2015 viser at om lag 44 prosent av dei som bur i tettstader har trygg tilgang til nærturterreng, mens rundt 58 prosent har trygg tilgang til rekreasjonsareal.

Stor skilnad i tilgang til nærturterreng

Undersøkingane viser at tilgangen til trygt og tilgjengeleg leike- og rekreasjonsareal varierer med storleiken på tettstadene og er lågast i dei store byane og tettstadene. Sju av ti i små tettstader mot fem av ti i større tettstader har trygg tilgang til rekreasjonsareal. 

For nærturterreng er skilnadene større. Meir enn sju av ti i dei minste tettstadene og berre tre av ti i dei største byane har tilgang til nærturterreng. Minst tilgang til nærturterreng har busette i store boligbygg, der berre en fjerdedel har tilgang til slike område.

Betre tilgang til dei små og dårlegare tilgang til dei store naturområda

I perioden frå 2011 til 2015 har tilgangen til nærturterreng blitt redusert med 6 prosentpoeng, mens tilgangen til rekreasjonsareal har auka med 6 prosentpoeng.

Ei viktig årsak til auken er at fartsgrensa i fleire kommuner er senka frå 40 eller 50 kilometer i timen til 30 kilometer i timen.


Indikator: Tal på nye friluftsområde sikra med statleg medverknad pr. år

Stadig fleire statleg sikra offentlege friluftsområde

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Nye område blir stadig sikra for friluftsliv. Dei fleste nyare område ligg langs kysten på strekninga frå Austfold til Hordaland. 

I 2016 vart 33 nye område sikra for friluftsliv ved kjøp eller avtale.


Indikator: Del av befolkninga som har kunnskap om allemannsretten

Kjennskap til allemannsretten

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Ni av ti nordmenn har høyrt om allemannsretten, og seks av ti kjenner også til friluftslova (Lovdata).

Kjennskapen til allemannsretten er undersøkt fleire gonger i seinare tid. Ei undersøking i 2015 (Ipsos) viser at noko er svært godt kjend.

Heile 97 prosent kjenner til at allemannsretten gjeld for ferdsel til fots og på ski i utmark, og 96 prosent veit at den ikkje gir rett til å tenne bål når og kvar som helst. Færre - 57 prosent - kjenner til at allemannsretten også gir rett til å sykle på privat veg i utmark.

Berre 45 prosent veit at allemannsretten også gjeld for store grupper, også når deltakerane har betalt for å vere med.


Indikator: Prosentdel av friluftsområde sikra med statleg medverknad som har eigne forvaltningsopplegg

Friluftsområde med eigne forvaltningsopplegg

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Ved utgangen av 2016 var det på landsbasis utarbeidd godkjente forvaltningsplanar med fokus på opparbeiding og tilrettelegging for om lag 50 prosent av dei statleg sikra friluftslivsområda.

Det totale talet er 1012, noko som er ein auke på 19 planar sidan utgangen av 2015.

Av kommunar med statleg sikra friluftslivsområde er det på landsbasis 64 prosent som har utarbeidd godkjente forvaltningsplanar.

Det er framleis stor variasjon mellom fylka med omsyn til forvaltningsplanar. Det er forholdsvis flest kommunar/friluftsråd som har utarbeidd forvaltningsplanar i Troms, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Buskerud, Vestfold og Østfold.  


Indikator: Utvikling i tilgjengeleg strandsoneareal langs kysten

Mindre tilgjengeleg strandsone

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at om lag 31 prosent av Noregs strandsoneareal var påverka av menneskelege inngrep ved inngangen av 2014. Trass i mindre bygging reduserast fortsatt dei delane av strandsona som ikkje er påverka av fysiske inngrep. Slike areal er viktige både for naturmangfaldet og for friluftslivet.

Ifølgje SSB er 73 prosent av strandsonearealet i Akershus og 68 prosent i Oslo påverka av bygningar, jarnbane, veg eller dyrka mark.

Buskerud og Vestfold følgjer etter med litt mindre enn 68 prosent og nesten 62 prosent. Øyer utan bru eller ferjesamband er ikkje med i desse tala.

Langs Oslofjorden er 52 prosent av strandsonearealet i kommunane bygningsnært, det betyr at det ligg 50 meter eller mindre frå alle typar bustader (med unnatak av naust, båthus og sjøbuer), industribygningar eller hotellbygningar. I presskommunane i kystfylka frå Aust-Agder til Nord-Trøndelag er tala 29 prosent.

I andre kystkommunar er berre 13 prosent av strandsona bygningsnær.


Mindre byggeaktivitet i strandsona

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Nybygging i strandsona i 100-metersbeltet har minka dei seinare åra. Frå 2005 til 2013 var nedgangen i nybygging på nærmare 20 prosent.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at dei fleste fylka opplevde ein reduksjon i bygginga i strandsona i 2013 samanlikna med året før. Nord-Trøndelag og Vestfold hadde ein oppgang. 

Hordaland ligg på topp, med størst byggeaktivitet i 100-metersbeltet langs kysten. Trass i stor nedgang, var det fortsatt dette fylket som hadde mest nybygging i 2013.

Flest nye bygningar innanfor 100-metersbeltet langs kysten blir no sett i gang utanfor tettstadene. Fritidsbustader er den vanlegaste bygningstypen i strandsona utanfor tettstader.


Indikator: Talet på dispensasjonar i strandsona langs kysten

Ni av ti søknader om dispensasjon innvilga

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Talet på dispensasjonssøknader ser ut til å følge utviklinga i byggeaktiviteten. Kommunane tok i mot gradvis fleire dispensasjonssøknader om nye bygningar i strandsona i perioden 2006-2010.

Ifølgje utrekningar Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort, basert på Kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA), steig talet på søknader frå rundt 1200 til 1500 i denne femårsperioden. Dei fleste søknadene blei innvilga.

Etter 2010 har det vore litt færre søknader, noko som også følgjer utviklinga i byggjeaktiviteten. Framleis blir dei aller fleste søknadene innvilga.

I 2014 blei om lag ni av ti innvilga. 


3.2 Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Er vi på rett veg?
  • 576 skular har delteke i Den naturlege skulesekken 9

Miljømål 3.2 Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Indikator: Talet på skular som deltek i prosjektet Den naturlege skulesekken

576 skular har delteke i Den naturlege skulesekken

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Den naturlege skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at barn og unge gjennom opplæringa får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og auka miljøengasjement hos elevar og lærarar. Elevane skal bli i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida. Den naturlige skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse.

2009 var det første året grunnskular og vidaregåande skular (Vg1) frå heile landet kunne søkje om tilskot for å delta i Den naturlege skulesekken. Sidan starten har bortimot 576 skular frå alle fylka vore med, med direkte tilskot frå Den naturlege skulesekken.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Skulane har delteke med 581 prosjekt. Nokre av desse har delteke meir enn éin gong. Talet på skular vert høgare om ein reknar med prosjekt som frivillige organisasjonar og andre aktørar i Den naturlege skulesekken har utført i samarbeid med skular.

Om lag 5 prosent av skulane deltek

Når ein reknar kor mange skular som deltek kvart år utifrå alle skulane i landet, deltek 114 av 2892 grunnskular og 29 av 423 vidaregåande skulane i skuleåret 2016/2017.

Sidan 2013 har det vore ein nedgang i talet på grunnskular som er med i Den naturlege skulesekken. I same periode er det lite endring i talet på vidaregåande skular.

Sidan 2009 har det vore med flest skular frå Akershus, men Oppland, Nordland og Hordaland har òg mange deltakande skular. I same periode har det vore med færrast skular frå Vest-Agder, Vestfold, Buskerud, Rogaland og Finnmark.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Talet på deltakande skular heng saman med talet på skular som har søkt om tilskot frå kvart enkelt fylke.