Hopperstad stavkyrkje
Hopperstad stavkirke i Vik i Sogn. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren
Plassering: Vik i Sogn og Fjordane
Datering: 1100-1200-talet
Endringar: restaurert ved arkitekt Blix i 1891
Hopperstad stavkyrkje vart bygd mellom 1034 og 1116. Ho sto relativt uendra fram til 1600-talet. Då vart skipet utbygd og kyrkja fekk svalgang og eit ekstra klokketårn. Delar av den opphavlege kyrkja finst innom svalgangen, men særs lite av utsida er bevara.
Hovudportalen i vest er utsmykka med buktande drageformar som bit kvarandre i halen. På sørsida av koret er det ei luke i veggen som vart brukt under skriftemål. I golvet innom vestportalen ligg ei gravhelle. Utsjånaden ho har i dag fekk kyrkja etter ei restaurering på 1800-talet, etter førebilete frå Borgund.
Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk