Urnes stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Luster i Sogn og Fjordane
Datering: 1100-talet
Endringar: Tilbygg til koret i 1601
Sitjeplassar: 100

Urnes stavkyrkje er ei av dei eldste stavkyrkjene våre, datert til etter 1130. Ho står i ei særstilling som ei av dei best bevarde og rikast utsmykka av stavkyrkjene. Kyrkja blei i 1979 innskrive på UNESCO si verdsarvliste. Ho blir framleis brukt til somme kyrkjelege handlingar.

Nordportalen har ei opning forma som eit nøkkelhol og vangane på kvar side har buktande dyreornamentikk i urnesstil, som er den yngste av stilartarane frå vikingtida. Desse dekorative bygningsdelane er gjenbruk frå ei eldre kyrkje.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk