Undredal stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Aurland i Sogn og Fjordane
Datering: Middelalder
Endringar: Påbygd 1722
Sitjeplassar: 40

Undredal stavkyrkje er truleg bygd i 1147. Ho er den minste av stavkyrkjene våre med berre 40 sitjeplassar og det er faste gudstenester der. Ho er både utvida og bygd om sidan mellomalderen og ser ikkje ut som ei stavkyrkje frå utsida.

Nummerering av veggplankane vitnar om at kyrkja er teken ned og sett opp att, kanskje flytt frå ein annan stad. Rundt 1850 blei skipet forlenga mot vest med klokketårn og våpenhus. Koret er nyare og bygt i same breidd som skipet. Inne i kyrkja heng kyrkjeklokka frå mellomalderen, og taket er dekorert med bibelfigurar og englar.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk