Torpo stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Ål i Buskerud
Datering: 1100-tallet
Endringar: Koret rive 1880 og delar brukt i kyrkja som vart bygd ved sidan av
Sitjeplassar: 200

Torpo stavkyrkje har ei runeinnskrift som fortel at ”Torolf gjorde denne kirke”. Byggeåret må ifølgje årringsanalysar ha vore etter 1192. Stavkyrkja er av Borgund-typen, med heva midtrom. Då den nye kyrkja i soknet vart bygd i 1880 vart delar av koret frå stavkyrkja nytta som byggemateriale. Skipet er difor det einaste som er bevart av den opphavlege mellomalderkyrkja, ho står no som eit kort og høgt tårn. Ho er dekorert med utsøkte måleri frå 1200-talet.

Kjelde: Hauglid: Norske stavkirker, 1969/Kulturminnedatabasen Askeladden