Sogndalstrand kulturmiljø

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Tettstaden Sogndalstrand ligg ved kysten i Rogaland og har røter attende til slutten av 1700-talet som ladestad. Heilt sidan 1970-talet har store delar av kulturlandskapet rundt Sogndalstrand  vore under press frå hus- og hytteutbygging. Dette er bakgrunnen for fredinga av kulturmiljøet.

Kommune: Sokndal
Fylke: Rogaland
Freding vedteke i statsråd 24.06.2005 (
sjå forskrift)

Sogndalstrand fekk formell status som ladestad i 1798, og hadde si storheitstid omkring 1875. Dei neste hundre åra var det lite endringar og utvikling på staden. Difor gjev Sogndalstrand ein sjeldan og viktig dokumentasjon på ein norsk kyststad frå den førindustrielle tida. Mykje av kulturlandskapet er teke godt vare på, og gjev oss innblikk i eit såkalla byjordbruk.

Det markerte brune området viser det freda kulturmiljøet Sogndalstrand. Klikk på symbolet i det markerte området og les meir hos Kulturminnesøk. Du kan også zoome i kartet for å utforske nærare.

Trehus og klyngetun

Utløpet av elva Sokna deler miljøet i to. På vestsida ligg det trehus langs hovudvegen med sjøhus ut mot havna. Dei fleste eigedommane har ein smal jordbruksteig frå husa som ligg mot sjøen i vest.

På austsida ligg Åros som opprinneleg var eit klyngetun med teigdelt innmark og felles utmark. Dette var vanleg skikk på Vestlandet. Delar av innmarka har i dag nyare hus, men dei viktigaste enkeltelementa og store delar av heilskapen er intakt.

Kulturhotell

Etter hundre år med stagnasjon er det kome nytt liv i den gamle ladestaden, og dei fleste husa er pussa opp. Sogndalstrand kulturhotell er kome på plass og fleire småbutikkar held ope om sommaren. Det er omlag 140 fastbuande på Sogndalstrand, i tillegg er nesten halvparten av husa feriehus.