Havrå kulturmiljø

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Havrå er eit vestnorsk klyngetun med særs spesiell kulturhistorie og arkitektur. Dette eineståande fjordgardsanlegget som ligg i Hordaland var det fyrste området i landet som vart freda som kulturmiljø.

Kommune: Osterøy
Fylke: Hordaland
Fredning vedteke i statsråd 04.12.1998 (sjå forskrift)

I dag er det åtte bruk på Havrå. Gardsdrifta vart gradvis avvikla frå 1950-åra og utover. Dei driftsmetodane som fann stad på garden i 1950-åra er ein viktig historisk referanse, og dette ligg til grunn for fredninga.

Området som er freda, dekkjer eit areal på ca. 2000 dekar. I tillegg er fire av bygningane freda med heimel i kulturminneloven § 15.

Det brune markerte området med eit symbol på viser det freda kulturmiljøet Havrå. Klikk på symbolet for meir informasjon frå Kulturminnesøk. Du kan også zoome i kartet.

Kulturmiljøet

Havrå er ein av dei særs få gardane som er står att i dag som ikkje har gjennomført jordskifte. Utskifting av jord på gardane i denne delen av Noreg begynte på slutten av 1800-talet. På Havrå er teigdelinga i innmarka intakt, og dette er med på å gje landskapet særpreg. Garden er delt opp i fem driftsområde. Bøen som er teigdelt innmark, Berget, Slåttane, Utgjerdet og Marka. Desse områda har ulik karakter og ulike vegetasjonstypar, og er difor blitt utnytta ulikt.

Sjølv om gjengroing er eit problem, er det fortsatt mogleg å finne spor etter aktiv drift på Havråtunet. Det skuldast dokumentasjon og gode registreringar som er utførd dei siste åra.

Karakteristisk byggjeskikk

Husa på Havrå er typiske for byggjeskikken på Osterøy frå starten av 1800-talet og til langt inn på 1900-talet. Samtlege våningshus og dei største driftsbygningane fungerar som eit dobbelt rekketun. Det finst òg godt bevarte kvernhus på området. 

Nokre av løene på Havråtunet er falt i ruinar, andre står fortsatt, og andre er nyleg sett i stand. Karakteristisk for driftsbygningane er bruken av brake, eller einer, som ytterkledning utanpå grindverkskonstruksjonen. Dette er ein gamal byggjetradisjon som i dag berre finst i eit avgrensa område i Nord- og Midthordaland, med Osterøy som kjerneområde.

På området er det òg ein bygning frå mellomalderen som er automatisk freda. Denne heiter Gulliksbua, og har stått på same tuft sidan 1200-talet. Både interiør og eksteriør er freda i Gulliksbua. Det er kun eksteriøret som er freda på dei andre bygningane på Havrå.