Røldal stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Odda i Hordaland
Datering: Middelalder
Endringar: Restaurert 1917
Sitjeplassar: 130

Røldal stavkyrkje vart bygd på 1200-talet som ei eittskipa kyrkje med lik breidd på kor og skip. Stavkonstruksjonen er godt bevart, og kyrkja skil seg frå andre stavkyrkjer i det at konstruksjonen ikkje har grunnstokkar.

Kyrkja har heller ikkje drageportalar eller flotte treutskjeringar. Ho vart tidleg utvida til langkyrkje med smalare kor og svalgang rundt heile kyrkja. Mellom 1915 og 1918 vart kyrkja omfattande restaurert og ombygd. Bordkledningen frå 1800-talet vart fjerna, renessanseinteriøret restaurert og ny svalgang bygd. Kyrkja er i dag i bruk som soknekyrkje.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnsøk