Rødven stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Rauma i Møre og Romsdal
Datering: 1100-1200-tallet
Endringer: Påbygg kor ca. 1600, sakristi 1651
Sitteplasser: Ca. 100

Dei eldste delane til Rødven stavkyrkje er frå 1100-talet, men det er elles få grunnlag for datering. Kyrkja er av Møretypen, kjenneteikna av utvendige skråstøttar - såkalla skorder. Desse vert nemnde heilt frå kyrkja fyrste gong blir omtalt i 1589, så dei kan opphavleg ha høyrt til kyrkja. Skip og kor har ulik breidd og kyrkja kan ha hatt svalgang før utsida vart kledd med liggjande panel i nyare tid. Våpenhus, takryttar og sakristi er òg av nyare dato.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk