Øye stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Vang i Oppland
Datering: Middelalder
Endringar: Attreist 1960
Sitjeplassar: 100

Øye stavkyrkje vart bygd omkring år 1200, men ho ligg i dag lenger opp ifrå vatnet enn ho gjorde då. Ho vart rive i tilknyting til bygginga av ei ny soknekyrkje i 1747, men satt opp att på 1950-talet med utgangspunkt i originale delar.

Inne i kyrkja står fire stavar utan nokon tydeleg funksjon. Moglegvis har dei tidlegare bore eit tårn. Kyrkja er hovudsakeleg ein turistattraksjon, men det feirast gudsteneste der éin gang om året. For å hindre utbygging i nærleiken av kyrkja er det ei freda sone på seksti meter omkring stavkyrkja.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk