Miljømål

Indikator

Er vi på rett veg?

Stanse utslepp innan 2020
Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

.  

Stanse utslepp innan 2020
 
 

Minst mogeleg risiko for skade frå kjemikaliar
Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar  

Utslepp av farlege kjemikaliar
 
 

Miljøgifter frå forureina grunn skal stansast
Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining  

Lokalitetar med alvorleg grunnforureining
 
 

Sediment skal ikkje føre til alvorleg forureining
Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem  

Sediment og forureining