Er vi på rett veg?
I 2010 blei 1305 arkeologiske kulturminne i fire utvalde kommunar undersøkte for tredje gong (Skien, Grong, Trondheim og Tromsø).
Svært få arkeologiske kulturminne går tapt, men mange blir skadde
Frå 2005 til 2010 gjekk fire freda arkeologiske kulturminne tapt i dei fire kommunane. Dette svarer til eit årleg tap på 0,06 prosent. Kulturminna har gått ulovleg tapt, det vil seie at ingen har hatt løyve frå styresmaktene til å fjerne dei.
I den same perioden blei 77 arkeologiske kulturminne skadde på nytt og 135 ikkje attfunne. I snitt er 15 arkeologiske kulturminne blitt skadde kvart år. Dette svarer til om lag 1,2 prosent årleg.
Det er svært positivt at dei prosentvise tapa er mykje mindre enn dei som er fastsette i den nasjonale målsetjinga, men det gir grunn til uro at relativt mange arkeologiske kulturminne er ytterlegare skadde, og at fleire ikkje er råd å finne att.
Gjennom undersøkingane dei siste ti åra har vi observert at eit skadd kulturminne lettare blir utsett for nye skadar, enn eit kulturminne som er i god stand. Sterkt skadde kulturminne taper opplevingsverdi og blir ikkje tekne omsyn til. På sikt kan desse kulturminna gå tapt.
Kulturminne under vatn blir borte
Riksantikvaren reknar med at nokså mange kulturminne under vatn blir borte kvart år. Tyveri og ulovlege inngrep, inngrep i strandsona og naturleg erosjon er dei viktigaste årsakene.
Kunnskapen må aukast for at vi skal unngå ukontrollerte tap
For å unngå ukontrollerte tap av verdifull kulturarv er det behov for fleire og sterkare tiltak og verkemiddel. Det er viktig å auke kunnskapen hos folk om korleis arkeologiske kulturminne skal behandlast.
Rapportane frå overvakingsprogrammet finn du på nettsidene til Norsk institutt for kulturminneforskning, som utfører arbeidet på oppdrag frå Riksantikvaren.
Publisert av Riksantikvaren, 18.08.2011, 17:39.