Miljømål

Indikator

Er vi på rett veg?

Ta vare på truga arter
Utryddinga av truga arter i ferskvatn skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Talet på truga arter knytt til ferskvatn  

 
 

God tilstand for vassførekomstar
Alle vassførekomstar skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand eller godt økologisk potensial der dette er relevant i løpet av 2021.

Talet på vassførekomstar som tilfredsstiller miljømåla i vassforskrifta og vedtekne vassforvaltningsplanar  

 

Talet på gjennomførte vilkårsrevisjonar av dei som er forfalne til revisjon  

 

Talet på vedtekne vassforvaltningsplanar  

 

Talet på restaurerte vassførekomstar  

 

Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar under motorferdslelova  

 
 

Næringssalt skal ikkje gi dårlegare vassførekomstar
Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsel av næringssalt eller partiklar frå ny aktivitet, jf. krava i vassforvaltningsforskrifta.

Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsel av næringssaltar eller partiklar  

 
 

Berekraftig hausting
Alle bestandar som kan haustast av dyr og planter i ferskvatn skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Talet på arter der hausting og anna uttak er ein viktig faktor  

 
 

Utvalde naturtypar
Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

Talet på utvalde naturtypar knytt til ferskvatn  

 
 

Vern av vassdragsnatur
Varig vern skal oppretthaldast og eit representativt utval av vassdragsnatur skal vernast for kommande generasjonar.

Areal og del av verna areal (inkludert årleg endring) fordelt på naturtypar knytte til ferskvatn  

 
 

Ta vare på verneverdiar
Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Talet på og del av verneområda som er truga  

 
 

Prioriterte arter
Dei mest truga artene i ferskvatn skal ha status som prioriterte arter.

Talet på prioriterte arter og bestandsutviklinga for desse  

 
 

Sikre ville laksebestandar
Dei ville laksebestandane, under dette det genetiske mangfaldet, skal sikrast slik at dei opptrer i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområde

Grad av oppnåing av gytemåla for stammene  

 

Stammene sin genetiske integritet  

 

Prosentvis hausting av den enkelte villaksstamma i høve til naturleg haustingspotensial  

 
 

Tiltak mot skadelege framande organismar
Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr. art og fylke  

 

Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte, skadelege organismar  

 
 

Genmodifiserte organismar skal ikkje skade
Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Talet på tilfelle der det er påvist mengder GMO over tillatne grenseverdiar  

 
 

Tilførsler av næringssalt skal reduserast
Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan utgangen av 2021

Delen av norske vassførekomstar som har god kjemisk og økologisk tilstand  

 

Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar  

 
 

Hindre uønska nedbygging
Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av 100-metersbeltet langs vassdrag og innsjøar.

Talet på dispensasjonar for nybygg i 100- metersbeltet langs vassdrag  

 

Talet på nybygg langs vassdrag i medhald av plan i LNFR-område