Det har vore handelverksemd i Sogndalstrand heilt frå starten av 1500-talet. Grunnlaget for den fyrste handelen var jordbrukssamfunna i den delen av Dalane-regionen som ligg lengst sør. Seinare fekk skipsreiarar i Sogndalstrand hand om mykje av handelen som foregjekk mellom Bergen og Agder/Austlandet.
Ladestad
Ladestaden var delt i to geografisk fråskilde område. Det meste av busetnaden og senteret for handelsverksemda voks fram i Sogndalstrand. Den andre delen av ladestaden låg i Rekefjord, eit par kilometer lenger vest. Her var det ei god hamn for vinteropplag og reparasjon av skuter. Der låg tollstaden frå 1641, og seinare vart det også damskipkai.
Konkurranse førte til eksport
Både handelsverksemda og fisket var sterkt konjunkturavhengig. 1700-talet var hovudsakleg ein vekstperiode, medan tida rundt århundreskiftet var prega av stagnasjon i handel og fiske. Rundt 1810 kom det nye sildeinnsig som førte til vekst både i fiske, handel og sjøfart.
Etter kvart overtok konkurrerande ladestader og byar stadig meir av kysthandelen. Sogndalstrand starta då opp med eksport av fersk fisk, særleg makrell og laks. Dette ga god inntekt og fortsatt vekst for staden.
Stagnasjon i hundre år
Etter at dampskipa overtok, vart Sogndalstrand liggjande utanfor den ferdselsåra som var mest vanleg. Frå 1870-talet og dei neste hundre åra stagnerte samfunnet. Sett i ein kulturhistorisk samanheng har dette redda staden og kulturlandskapet som ligg rundt frå omfattande nybygging og nedbygging.