Kommune: Sokndal
Fylke: Rogaland
Freding vedteke i statsråd 24.06.2005
Sogndalstrand fekk formell status som ladestad i 1798, og hadde si storheitsstid omkring 1875. Dei neste hundre åra var det lite endringar og utvikling på staden. Difor gjev Sogndalstrand ein sjeldan og viktig dokumentasjon på ein norsk kyststad frå den førindustrielle tida. Mykje av kulturlandskapet er teke godt vare på, og gjev oss innblikk i eit såkalla byjordbruk.
Kartet viser det freda kulturmiljøet Sogndalstrand. Du kan zoome i kartet for å utforske nærare.
Trehus og klyngetun
Utløpet av elva Sokna deler miljøet i to. På vestsida ligg det trehus langs hovudvegen med sjøhus ut mot havna. Dei fleste eigedommane her har og ein smal jordbruksteig frå husa som ligg mot sjøen i vest.
På austsida ligg Åros som opprinneleg var eit klyngetun med teigdelt innmark og felles utmark. Dette var vanleg skikk på Vestlandet. Delar av innmarka har i dag nyare hus, men dei viktigaste enkeltelementa og store delar av heilskapen er intakt.
Kulturhotell
Etter hundre år med langsam stagnasjon er det kome nytt liv i den gamle ladestaden og dei fleste husa er pussa opp. Sogndalstrand kulturhotell er kome på plass og fleire småbutikkar held ope om sommaren. Det er omlag 140 fastbuande på Sogndalstrand, i tillegg er nesten halvparten av husa feriehus.