Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Fleire byar har for høge nivå av svevestøv PM2,5

Mål

4.4 Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft: - Årsmiddel PM10: 20 μg/m3 - Årsmiddel PM2,5: 8 μg/m3 - Årsmiddel NO2: 40 μg/m3

Indikator

Utviklinga i årsmiddelkonsentrasjonen for PM 2,5, med fokus på dei stader der verdiane overskrider nivå sett på som trygg luft.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Dei nasjonale måla for luftkvalitet gjeld for heile landet, men problema med luftforureining er størst i byane. Målingar viser at innhaldet av svevestøv PM2,5 i lufta er eit problem i fleire byar.

Det nasjonale målet for PM2,5 blir overskride i fleire byar. Nivåa er lågare enn før, men lokale meteorologiske variasjonar gjer at det er skilnader frå år til år.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Det er fleire årsaker til at mange norske byar har nivå over dei nasjonale måla for PM2,5. Den viktigaste kjelden er langtransportert luftforureining. Av lokale kjelder er det som regel vedfyring som betyr mest. I tillegg bidreg vegtrafikk, og industriutslepp kan bety noko enkelte stader.

Framtidig PM2,5-nivå

Dersom ein ikkje innfører nye tiltak mot vedfyring, kjem det nasjonale målet for PM2,5 til å bli overskride i enkelte byar i åra som kjem.

I tillegg til tiltak mot vedfyring er det viktig at dei internasjonale avtalane mot luftforureining oppfyllar dei europeiske måla, slik at den langtransporterte forureininga reduserast ytterlegare.