Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Utsleppa betydeleg reduserte, men framleis gjenstår nokre utfordringar

Mål

4.2 Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

Indikator

Utsleppsmengder (og reduksjonar) av dei prioriterte kjemikala (prioritetslista)

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Det er oppnådd store reduksjonar i bruk og utslepp av mange av miljøgiftene på prioritetslista. Resultata er oppnådde gjennom strengje utsleppskrav, reguleringar, krav til avfallsbehandling og opprydjingstiltak.

Miljødirektoratet vurderer utviklinga for å nå målet som positiv, men ikkje tilstrekkelig for at målet kan nåast. Enno finst det bruk og utslepp av kjemikal som må reduserast, særleg for dei nyare stoffa på lista.

Utsleppa av fleire prioriterte miljøgifter er vesentleg redusert

For fleire av stoffa er utsleppa reduserte med meir enn 90 prosent:

Utsleppa av desse stoffa er reduserte med til saman over 1000 tonn sidan 1995.

Bruken av PFOS har stansa, men det er knytt bekymring til at PFOS framleis kan lekke ut frå forureina grunn.

Framover er det viktig å føre tilsyn for å sikre at krav og regelverk blir overhaldne, og å følgje med på at det ikkje oppstår ny bruk av stoffa.

Det er også utsleppsreduksjonar på meir enn 50 prosent for fleire andre miljøgifter, som til dømes:

Det er forbode å bruke SCCP i produkt, men stoffet finst framleis i kommunalt avløp og slam frå tidlegare produkt. Trass reduksjonen er det framleis betydelege utslepp av PAH, noko som hovudsakleg skuldast vedfyring i private hushald.

Utsleppa av bly er kraftig reduserte dei siste åra, på grunn av redusert bruk av bly i ammunisjon.

Produkt er største kjelde til utslepp i 2015

Det er framleis stor bruk av fleire av stoffa på prioritetslista, særleg i produkt som importerast til Noreg. Dette omfattar mange ulike produkt, og det er særleg vanskeleg å berekne bruks- og utsleppsmengder av disse stoffene frå faste bearbeida produkt og produkt som ikkje er registrerte i produktregisteret.

Siloksanar, mellomkjeda klorparafinar (MCCP) og ei ftalat-sambinding (DEHP) blir brukt og sloppe ut i miljøet i høge mengder og bruken synest å auke.

Siloksanar blir mykje brukt i kroppspleieprodukt som hårpreparat og hudpleieprodukt. MCCP og DEHP blir hovudsakleg brukt som mjuknar i plast. Vedtekne og komande EU-reguleringar av siloksanane og DEHP vil bidra til at bruk og utslepp sannsynlegvis reduserast.

Perfluorerte stoff og bromerte flammehemmare blir brukt i forbrukarprodukt som tekstilar, elektroniske produkt og forskjellige plastprodukt. Det er innført nasjonalt forbod mot den perfluorerte sambindinga PFOA i forbrukarprodukt.

PFOA blir forboden i EU frå 2020 etter initiativ frå Noreg og Tyskland. Det er prosessar for å regulere fleire perfluorerte stoff i EU og globalt.

Fleire av dei bromerte flammehemmarane er no strengt regulert i EU og globalt. På initiativ frå Noreg er det fastsetje globalt forbod mot HBCD og deka-BDE. Noreg har i fleire år hatt eit nasjonalt forbod mot deka-BDE og har også fått gjennomslag for forbod mot stoffet i EU.

I dag er det fortsatt store utslepp av krom og arsen frå det gamle CCA-impregnerte trevirket som framleis er i bruk. Det vurderast samstundes ikkje som kostnytteeffektivt å skifte ut slikt trevirke i eksisterande konstruksjonar.

Bruk av kjemikaliar framover

Mange miljøgifter spreier seg over store avstandar med luft- og havstraumar frå utslepp i produksjonsland. Dei spreier seg også via eksport og import av produkt.

Målet om å kontinuerleg redusere bruken med intensjon om å stanse utslepp av dei prioriterte miljøgiftene er ambisiøst.

I tillegg til å jobbe med å stanse utslepp i Noreg må vi derfor arbeide internasjonalt for sikre at bruken av dei prioriterte miljøgiftene blir fasa ut. Miljødirektoratet arbeider aktivt gjennom globale konvensjonar og i EU, blant anna gjennom kjemikalregelverket REACH, for å få strenge reguleringar av stoffa på prioritetslista.

Noreg har utarbeidt fleire forslag om strengare internasjonal regulering av stoff på prioritetslista som no er til behandling.