Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Utslepp frå norske kjelder

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Statens Strålevern

Utslepp frå olje- og gassindustri

I 2016 blei det totalt slept ut 138 millionar kubikkmeter produsert vatn til havet frå norsk olje- og gassindustri. Utsleppa av produsert vatn har lege på eit ganske jamt nivå dei siste åra.

Samanlikna med sjøvatn, inneheld produsert vatn omtrent 1000 gangar høgare aktivitetskonsentrasjonar av dei naturlege radioaktive nuklidane radium-226 og radium-228.

Utslepp frå sjukehus og forsking

Utslepp frå norske kjelder til det terrestre miljøet kjem frå sjukehus og forskingsverksemd. Dei vanlegaste nuklidane er technetium-99m og jod-131. Desse har kort halveringstid (6 timar for technetium-99m og 8,1 dagar for jod-131) og utgjer truleg inga stor ureiningskjelde.

Utslepp frå forsøksreaktorar

Institutt for Energiteknikk (IFE) driv to forsøksreaktorar, ein på Kjeller og ein i Halden. Alvorlege uhell kan føre til lokale utslepp av radioaktivitet til luft, men store miljø- og helseskadar er lite truleg. Likevel finst det beredskapsplanar for slike hendingar.