Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Reduserte nivå av technetium-99 og cesium-137 i sjøvatn

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Statens strålevern

Nivåa av technetium-99 i sjøvatn utanfor norskekysten har minka etter 1999 og vist ein stabil reduksjon dei seinare åra. Dette heng saman med at utsleppa av technetium-99 frå Sellafield er redusert sidan 1995–1996. Det tek tre til fire år før utslepp frå Sellafield når sjøvatnet utanfor Noreg og ein ser effektane her. Det siste ureinsa utsleppet av technetium-99 skjedde i april 2003. Ein ventar derfor at konsentrasjonen av technetium-99 i sjøvatn kjem til å bli ytterlegare redusert i tida framover.

Nivået av cesium-137 i sjøvatnet utanfor Tromsø har også vore relativt stabilt dei seinare åra. Dei årlege utsleppa av cesium-137 frå Sellafield har lege på same nivå dei siste ti åra. Mengdene av cesium-137 frå Tsjernobyl-ulykka og atmosfæriske atomprøvesprengingar i 1950- og 1960-åra blir også reduserte med tida, etter kvart som stoffet blir brote ned. Ein del av det cesium-137 som i dag finst i havet, kan også feste seg til partiklar og søkke til botnen.