Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Langsam nedgang av cesium-137 i villrein

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Statens strålevern

Villrein inneheld framleis mykje cesium-137 i enkelte område, og i dei siste ti åra har det vore liten nedgang i nivåa. Dette skuldast at cesium-137 framleis er til stades i naturens sidan stoffet har lang halveringstid og blir tatt opp frå jord av sopp og andre beiteplanter.

Målingar av cesium-137 i villreinkjøtt viser store variasjonar mellom område. Det radioaktive nedfallet frå Tsjernobyl-ulykka var ulikt fordelt i landet, og dette gjer seg utslag i skilnader mellom villreinstammar frå område med ulik radioaktiv forureining. Det kan vere store variasjonar mellom år i same villreinområde. Dette skuldast  forskjellar i  mengde sopp frå år til år. Sidan sopp tek opp meir radioaktivt cesium frå jorda enn grøne planter, vil år med mykje sopp gje høgare nivå av cesium-137 i reinsdyr.

Grenseverdi for cesium-137 i reinsdyrkjøtt som skal omsettast i  butikk er 3000 Bq/kg våtvekt. Det er ingen grenseverdi for jakta vilt til eige konsum.