Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Langsam nedgang av cesium-137 i sopp

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Statens strålevern

Det har vore liten nedgang av radioaktivt cesium i sopp dei siste ti åra. Sopp tar effektivt opp radioaktivt cesium frå jorda. Sidan cesium-137 har ei halveringstid på tretti år, er dette stoffet framleis til stede i naturen.

Ulike soppartar tek opp ulik mengd radioaktivitet, og det er store geografiske variasjonar som reflekterer den ujamne fordelinga av radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl-ulykka i Noreg i 1986. I dei mest utsette områda ventar ein at radioaktiviteten etter Tsjernobyl-ulykka vil finnast i sopp i minst femti år framover.

Viltvoksande sopp inneheld framleis meir radioaktivt cesium enn andre matvarer. Sopp som bli seld i butikk har ein grenseverdi på 600 Bq/kg ferskvekt av cesium-137. Grenseverdien gjeld ikkje for til eige konsum. Nivåa i viltvoksande sopp er fleire stader høgare enn fastsette grenseverdi for omsetning til butikk.