Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Cesium-137 i reindriftsutøvarar

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Statens strålevern

I Kautokeino blei dei høgste konsentrasjonane av radioaktivt cesium i reindriftsutøvarar målt i 1965. Sidan har konsentrasjonane gått jamt nedover, med unntak av ein auke etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. I heile perioden etter denne ulykka har konsentrasjonane i Kautokeino vore mykje lågare enn i Midt-Noreg.  

Undersøkingane av radioaktivt cesium i reindriftsutøvarane i Snåsa-regionen gjennom det siste tiåret tyder på at nedgangen i konsentrasjonane har vore liten. Årsaka er truleg at færre personar bruker mottiltak no enn tidlegare, sidan konsentrasjonane i reinkjøt i dei fleste reinbeitedistrikt er under tiltaksgrensa for omsetning (3000 Bq/kg).

Konsentrasjonane i reinkjøtet i Snåsa-regionen har endra seg relativt lite sidan sist i 1990-åra. I Kautokeino og i Røros-regionen går verdiane i reindriftsutøvarane jamnare nedover, i takt med reduksjonen av forureininga i reinsdyra.