Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Noko mindre bruk og utslepp av farlege stoff

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Indikator for utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikal
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Kurvane for dei to faregruppene viser mogeleg eksponering for forbrukarar og profesjonelle brukarar (til dømes handverkarar og reinhaldarar). Mengdedata for stoffa er henta frå produktregisteret, som er styresmaktene sitt register over farlege kjemikal i Noreg.

Vi har ikkje data for innhald av farlege stoff i faste produkt, som derfor ikkje er med i indikatoren.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Tal frå produktregisteret viser at den totale bruken av stoff som kan gi kreft, reproduksjonsskadar og/eller arvestoffskadar og stoff som er farlege for vannmiljø ikkje endrar seg vesentleg.

Totalt sett har det vore ein svak reduksjon i bruken av stoff som kan gi kreft, reproduksjonsskader og/eller arvestoffskadar (CMR-stoff). Det skuldast fyrst og fremst nedgang i bruken av slike stoff i måling, reingjeringsmidlar og løysemiddel.  

Bruken av stoff klassifisert som farleg for vannmiljøet med langtidsverknad har variert noko i perioden, men sett under eitt ligg den på omtrent same nivå som i 2003.

Miljødirektoratet arbeider for å redusere utsleppa av dei verste stoffa

Gjennom internasjonalt reguleringsarbeid og nasjonal kravstilling arbeider vi kontinuerleg for å få strengje restriksjonar for dei mest helse- og miljøfarlege stoffa. For miljøgiftene på prioritetslista blir det arbeidt med mange ulike tiltak for å nå målet om å stanse utsleppa innan 2020.