Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Støyplaga ikkje nok redusert

Mål

4.5 Støyplager skal reduserast med 10 prosent innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar utsette for over 38dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 prosent innan 2020 i forhold til 2005.

Indikator

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

 

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I 2006 vedtok Stortinget at støyplaga skal ned. Målsetjinga er knytt til den delen av befolkninga som var utsett for støy over anbefalt dose i 1999.  Frå 1999 til 2014 minka støyplaga for denne delen av befolkninga med åtte prosent.

Målet er at støyplaga skal reduserast med 10 prosent innan 2020. 

Denne indikatoren tek ikkje omsyn til dei som har flytt inn i støyutsette område, eller område som har fått vesentleg auke i støynivå etter 1999. Sånn sett gir ikkje indikatoren riktig inntrykk av talet på menneske som er utsett for støy i Noreg i dag. 

Mindre støy frå jernbane, industri og luftfart

Mindre støy frå jernbanetrafikk, industri og luftfart er dei viktigaste årsakene til at støyplaga har gått noko ned sidan 1999.

Redusert trafikkmengd, meir stillegåande tog og sliping av skjener er viktige årsaker til at støyen frå jernbane har gått ned. Mindre støy frå luftfarten har samanheng med mindre støyande flytypar og endringar i inn- og utflygingsmønsteret ved ein del lufthamner.

Vegtrafikk største kjelde til støyplager

Vegtrafikk er den største kjelda til støyplager i Noreg. Men samla støyplage fra denne kilden er nå mindre enn i 1999. Betre motor- og bildekkteknologi gjer at støyplage frå vegtrafikk har blitt mindre enn den elles ville ha vore.