Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Innandørs støy aukar

Mål

4.5 Støyplager skal reduserast med 10 prosent innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar utsette for over 38dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 prosent innan 2020 i forhold til 2005.

Indikator

Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Stortinget har vedteke eit mål om at talet på personar utsette for støy innandørs skal reduserast. Målet er at talet på personar utsette for over 38dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 prosent innan 2020 i høve til 2005.

Utviklinga har så langt ikkje gått i riktig retning. I 2005 blei rundt 96 000 personar utsette for støy over 38 dBA. Talet auka til rundt 115 000 i 2014. Av desse var 89 prosent utsette for støy frå vegtrafikk. Det er ein auke på ein femtedel sidan 2005.

Fleire utsette for støy frå jernbane og vegtrafikk - færre plaga av flytrafikk

Fleire blei utsette for støy frå vegtrafikk og jernbane frå 2005 til 2014, men færre er utsett for støy frå luftfart. Talet på dei som er utsette for støy frå jernbane blei tredobla i løpet av desse åra. Rundt 75 prosent av dei som er utsette for jernbanestøy bur i Oslo, og rundt 20 prosent bor i Akershus. Det er trafikkauken på toglinjer rundt Oslo som har ført til auken, spesielt på Gardermobanen til Eidsvoll og Østfoldbanen til Ski.

Talet på personar utsette for støy frå vegtrafikk auka i takt med den generelle auken i trafikken og at fleire er busette i dei mest støyutsette områda.

Det same gjeld støy frå jernbanetrafikk. Nedgangen for luftfart er knytt til endringar i innflygningsmønster og flytypar, særleg ved Bodø lufthamn.

Tala er usikre

Talet på personar utsette for støy over 38 dBA innandørs kan vere overestimert, og tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) må sjåast som førebelse. Etter kvart som meir nøyaktige kartleggingar kjem på plass, vil tala bli utrekna på nytt.