Filter
Laster...
Tilbake

Naturlege variasjonar i smågnagarbestandane

Mål

1.1 Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

Indikator

Utvikling i bestandar av smågnagarar
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Bestandane av smågnagarar varierer mykje frå år til år. Medan det eitt år er særs mange lemen, markmus, skogmus og/eller klatremus i skogen eller på fjellet, kan smågnagarane vere tilnærma borte året etter. Dei store variasjonane har gjeve opphav til omgrep som "lemenår" og "smågnagarår". Det kan gå 3-4 år eller meir mellom kvart lemen- eller smågnagarår. Variasjonane er naturlege syklusar.

Nøkkelarter

Bestandstoppane til smågnagarane har stor effekt på økosystema dei er ein del av. Dei blir difor sett på som nøkkelartar. 

Smågnagarane er planteetarar, og vegetasjonen kan bli sterkt nedbeita i år med mykje smågnagarar.
Sjølv er smågnagarane viktig føde for rovdyr. Det er observert klår årsakssamanheng mellom tilgjenge på smågnagarar og talet på ungar som fødast av rovdyr. Til dømes kan fjellreven produsere store kvalpekull i år med god tilgang på smågnagarar, særleg når det er store mengder med lemen. Det finst døme på at fjellrev har fått heile 16 kvalpar i slike år, medan det vanlege i år med mindre tilgang til byttedyr er tre til seks kvalpar.

Når tilgangen på byttedyr for rovdyr aukar kraftig i smågnagarår fordi desse byttedyra då er talrike og lettare å få tak i, blir det mindre press på andre planteetarar som skogsfugl og rype.

Blir overvaka gjennom TOV

Smågnagarbestandane blir overvaka i sju skogs- og fjellområde frå Lund i sør til Dividalen i nord, som ein av fleire indikatorar i programmet Terrestrisk naturovervåking (TOV). Programmet overvaker effektar av klimaendringar og belastningar frå langtransportert forureining i desse områda for å gje eit bilete av korleis økosystema i dei ulike delane av landet blir påverka.

Det er viktig å følgja utviklinga i smågnagarbestandene, sidan smågnagarar er nøkkelarter i mange økosystem. Å kjenna dynamikken i smågnagarbestandene er òg viktig for å skilje naturleg forstyrring av økosystema frå effektar av forureining, klimaendringar og andre menneskeskapte påverknader.

Resultat frå dei siste åra viser at mønsteret med 3-4 års mellomrom mellom bestandstoppane er særs tydeleg i TOV-områda Møsvatn og Børgefjell.  Derimot viser ikkje smågnagarbestandene i Gutulia og Dividalen like regelmessig bestandvariasjon. Dei sørlege områda, Lund og Solhomfjell, ligg i varmare klimasoner. Her ventar ein ikkje like utprega svingingar som i områda lenger nord og høgare over havet.

Vi har ingen god forklaring på desse skilnadene, men endringane speglar truleg både menneskeskapt påverknad og naturlege variasjonar i nordlege økosystem, som variasjon i klima, snødekke og mengda av bjørkemålarar.

Det vert ikkje utført forvaltingstiltak retta mot smågnagarar i Noreg, sidan bestandutviklinga i liten grad er direkte påverka av menneskeleg aktivitet. Ein reknar med at ei arealforvalting og ein klima- og miljøpolitikk som bidreg til å oppretthalde robuste økosystem, òg vil sikre at den naturlege bestanddynamikken til smågnagarane og deira rolle i økosystema blir ivareteke.