Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Leveområdet til isbjørnen forsvinn

Mål

6.1 Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

Indikator

Bestandsstatus for raudlisteartar og andre utvalde artar

Er vi på rett veg? Publisert av Norsk Polarinstitutt

Isbjørnbestanden i Barentshavet blei freda i 1973. Forskarane reknar med at bestanden vaks etter fredinga, og at det finst meir isbjørn i dag enn det gjorde i 1973.

Vi veit likevel ikkje om bestanden framleis veks, er stabil eller minkande. Vi veit ikkje nok om bereevna til naturgrunnlaget. Men vi veit at Barentshavet er blant dei havområda i verda kor endringar i isdekket om sommaren skjer raskast. Blant anna veit vi at den isfrie perioden om sommaren har blitt 40 dagar lengre kvart tiår sidan 1979.

Isbjørnbestanden i Barentshavet er ein delt bestand mellom Noreg og Russland. I 2004 talde norske og russiske forskarar isbjørn i Barentshavet. Overslag basert på denne teljinga gav 2650 isbjørnar. Det er statistisk sett 95 prosent sikkert at det verkelege talet på isbjørnar låg mellom 1900 og 3600. Nett no evaluerer Norsk Polarinstitutt overvakinga av isbjørnen, og ei ny teljing i den norske delen av Barentshavet blei gjennomført hausten 2015. Resultatane av denne teljinga vil bli publisert i 2017.

Isbjørnen er var for eventuelle effektar av klimaendringar, sidan endringar i isdekket vil redusere det naturlege leveområdet for arten. Redusert isdekke hindrar blant anna bjørnane å nå yngleområda på øyane Hopen og Kong Karls Land. Høge nivå av organiske miljøgifter utgjer også ein mogeleg trussel mot isbjørnen.