Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Mesteparten av det farlege avfallet behandlast forsvarleg

Mål

4.2 Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

Indikator

Mengd farleg avfall med ukjent disponering

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Om lag 98 prosent av det farlege avfallet i Noreg blir samla inn og teke forsvarleg hand om. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at omlag 1,5 millionar tonn farleg avfall blei levert til godkjend behandling i 2016.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Om lag 21 000 tonn farleg avfall blei handtert på ukjend måte. Noko av det farlege avfallet som er blitt handtert på ukjend måte, kan ha blitt blanda med vanleg avfall, sleppt ut i kloakken eller dumpa direkte i naturen.

Farleg avfall som blir levert til godkjend behandling, blir ikkje alltid registrert på rett måte. Vi reknar derfor med at delar av dei 21 000 tonna likevel kan ha blitt handtert ved godkjende behandlingsanlegg.

Miljøstyresmaktene arbeider for å redusere mengda farleg avfall

Farlege kjemikal i produkt endar før eller seinare opp som avfall. For å redusere mengdene av farleg avfall som oppstår, blir innhaldet av farlege kjemikal og miljøgifter i produkt regulert gjennom produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Visse stoff og produktgrupper er forbodne, eller det er sett grenser for bruken av dei i forskrifter.

I Noreg har vi innført ei substitusjonsplikt. Det inneber at produsentar har plikt til å erstatte farlege stoff med mindre farlege alternativ når det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.

Miljøinformasjonslova gir alle rett til å få opplysningar om innhaldet av farlege kjemikal i produkt. Dermed kan forbrukarar, bedrifter og offentlege instansar lettare velje produkt som ikkje er helseskadelege og/eller skadelege for miljøet. Miljømerking er ei enkel form for miljøinformasjon og eit verkemiddel for å gjere produkta meir miljøvennlege.