Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Lokalitetar med alvorleg grunnforureining

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Opprydding i gamle forureiningar har gått føre seg i fleire tiår. I byrjinga vart arbeidet konsentrert rundt kartlegging, undersøkingar og – om nødvendig – opprydding på dei om lag 600 mest forureina lokalitetane.

Fram til 2011 har vi dessutan, i samarbeid med kommunane, sytt for opprydding av forureina grunn i barnehagar i ti store bykommunar og på fire store industriområde.

I dag er kartlegging av forureina grunn ein kontinuerleg prosess, der ein stadig finn fleire forureina område. Tala i indikatoren hentast frå databasen Grunnforureining, der forureiningsmyndigheitene – Miljødirektoratet, fylkesmennene og kommunane – registrerer forureina lokalitetar etter kvart som dei vert oppdaga.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Forureiningane blir ofte oppdaga og registrert som ei følgje av at det skal gjennomførast andre byggje- og gravetiltak i området, og som utløyser behov for undersøkingar av grunnen i forkant. Slike forureiningar vert rydda til akseptabel tilstand i samband med desse byggeprosjekta.

Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining vil variere, blant anna som følgje av byggje- og graveaktivitet. Ein auke i talet på kjende lokalitetar representerer med andre ord ikkje nødvendigvis ein auke i førekomsten av forureina grunn i Norge.

Ein slik auke kan i staden tyde på at fleire av stadene med forureina grunn i Norge blir oppdaga og registrert.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Frå 2017 har rapporteringa av utstrekning av lokalitetar med alvorleg grunnforureining endra seg, slik at tala ikkje er samanliknbare med tidlegare år. Tala for 2017 er derfor ikkje med i grafen.

I 2017 blei ein ny versjon av databasen Grunnforureining sett i drift. Forureina areal ved tidlegare registrerte lokalitetar med forureining blir no rapportert som arealet av heile eigedomen.