Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Mykje forureina sjøbotn er rydda, mykje står att

Mål

4.1 Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

Indikator

Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved tildekking eller ved opptak (mudring) slik at dei ikkje lenger utgjer ein kjelde til alvorlege forureiningsproblem
info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Figuren viser mengd utvalde helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved å mudre/dekke til. Miljødirektoratet bereknar kor mykje miljøgifter som er handtert, og som derfor ikkje lenger utgjer kjelder til alvorlege forureiningsproblem. Berekningane brukast som ein nøkkelindikator for å vise framgang i arbeidet med forureina sjøbotn. Hold musepeikaren over søylene i figuren, eller sjå i tabellen under for å sjå kor mange kilo av dei ulike miljøgiftene som er handtert. Merk at skalaen er logaritmisk. Du kan også klikke på stoffnavn i teiknforklaringa for å leggje til eller fjerne stoff i grafen. Forskjellane i mengd har å gjere med at for eksempel bly er vanlegare enn mange andre miljøgifter i dei områda som har vore rydda opp.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Figuren viser framdrifta i arbeidet med å rydde opp, presentert som mengder av utvalde helse- og miljøfarlege stoff som er handterte i samband med oppryddingstiltak frå 2002 til 2014. Figuren viser akkumulert resultat frå utrekningar gjennomførte i 2011, 2012, 2013 og 2014, 2016 og 2017.

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Gjennom fleire tiår med utslepp har miljøgifter hopa seg opp i sediment på sjøbotnen. Det tek oftast veldig lang tid før miljøgifter blir brotne ned. Sedimenta kan derfor innehalde store mengder med slike stoff, også lenge etter at tilførslane er blitt stansa eller kraftig reduserte. Forureina sediment kan skade dyr i havet og vere ei kjelde til spreiing av miljøgifter. Gjennom næringskjeda kan miljøgiftene frå sedimenta også bli tekne opp av menneske, gjennom sjømat som er forureina.

Derfor er det viktig å rydde opp. Arbeidet med å rydde opp er godt i gong i fleire område, og mange område er ferdig rydda. Men mykje står att.

Miljødirektoratet og fylkesmennene arbeider med å sørgje for at områda blir kartlagde og for at det blir rydda opp i prioriterte område med forureina sjøbotn. Miljøstyresmaktene legg særleg vekt på å undersøkje – og setje i verk tiltak mot – forureining ved industrifjordar, skipsverft og i store hamner.