Filter
Laster...
Tilbake Read in English

Avfallsmengda aukar meir enn BNP

Mål

4.3 Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogeleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

Indikator

Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

Vi har ei nasjonal målsetjing om at veksten i den totale avfallsmengda skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten (veksten i BNP målt i faste prisar). Frå 1995 til 2014 auka dei totale avfallsmengdene med om lag 60 prosent, medan BNP auka med under 50 prosent.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Frå 2013 til 2014 auka avfallsmengda med sju prosent, medan BNP auka med litt over to prosent1. Målet er altså ikkje nådd.

Mellom 2007 og 2009 var veksten i avfallsmengdene lågare enn den økonomiske veksten, men etter 2009 har avfallsmengda igjen auka meir enn BNP. Dei siste åra har óg avfallsmengda frå hushalda auka. Kvar av oss kasta 438 kilo avfall i 20142.

Vi vil gjere merksam på at Statistisk sentralbyrå (SSB) endra metodane for statistikken frå og med 2012. Endringa gjer at det blir eit brot i tidsserien, men tala for totalmengder avfall skal grovt sett vere samanliknbare.

Verkemiddel fører til reduserte utslepp

Miljøstyresmaktene arbeider kontinuerleg for å møte utfordringane på avfallsfeltet. Det skjer gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom den avfallsmengda som oppstår, og dei mengdene som blir gjenvunne og sluttbehandla.

Dei verkemidla som er blitt innførte, medverkar i positiv lei, særleg når det gjeld å oppnå reduserte utslepp frå avfallsbehandlinga. Det tek likevel tid før den fulle effekten av nye verkemiddel slår inn. Det gjeld spesielt verkemiddel som krev ei omlegging av rutinane i kommunane og i næringslivet, og i vanane hos folk flest.