Filter
Laster...
Tilbake Read in English

80 prosent av avfallet gjenvinnast

Mål

4.3 Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogeleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

Indikator

Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling

Er vi på rett veg? Publisert av Miljødirektoratet

I 2014 blei 80 prosent av avfallet gjenvunne. Farleg avfall, forureina massar og avfall der behandlingsforma er ukjend, er ikkje med i desse tala1.

info Les mer om dataene share Del graf arrow-down Last ned som print Skriv ut

Nye tal fra SSB kjem i november 2017.

Miljøstyresmaktene arbeider kontinuerleg for å møte utfordringane på avfallsfeltet gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom den avfallsmengda som oppstår, og dei mengdene som blir gjenvunne og sluttbehandla.

Frå 1. juli 2009 blei det forbode å deponere avfall som lèt seg bryte ned. Slikt avfall passar ofte godt både til materialgjenvinning og til forbrenning med utnytting av energien. Forbodet har vore viktig for å redusere deponeringa.