Miljømål

Indikator

Er vi på rett veg?

Redusere utsleppa fram til 2012
Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 prosent under 1990-nivå.

Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar  

Utslepp av klimagassar
 
 

Redusere utsleppa fram til 2020
Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarende 30 prosent av Noregs utslepp i 1990. Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert i tråd med eksisterande regelverk under Kyotoprotokollen.

Nasjonal utsleppsutvikling  

Utsleppsutvekling fram til 2020
 

Nasjonalutsleppsstatistikk - fordelt på sektorinndelinga frå Klimameldinga  

Klimagassutslepp fordelt på sektorar
 
 

Karbonnøytralitet seinast i 2030
Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarende norske utslepp i 2030.

 

Redusert avskoging og berekraftig utvikling
Redusert avskoging og degradering av skog i utviklingsland skal gi lågare utslepp av klimagassar, og medverke til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

 

Styrke Noregs tilpassingsevne
At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

 

Betydning av naturmangfald som karbonlager
Betydninga av robuste økosystem og naturmangfald som karbonlager skal vere styrkt i arbeidet med tilpassing og arbeid mot klimaendringar innan 2020, inkludert restaurering av minst 15 pst. av degraderte økosystem

 

Samordna areal- og transportpolitikk
Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal leggje til rette for ein samordna areal- og transportpolitikk som medverkar til låge klimautslepp, og medverkar til å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar.