Filter
Laster...
Read in English Lag rapport

Noregs miljømål

Vurderingar av korleis det går med miljøet gjer at vi setje inn tiltak og gjere endringar – slik at vi får eit betre miljø. Sjå dei 23 miljømåla og om vi er på rett veg til å nå dei, i temamenyen.

Er vi på rett veg?

På oppdrag frå Regjeringa og Stortinget følgjer vi med på korleis det står til med miljøet i Noreg, kva som påverkar naturen vår, og kva vi kan gjere for å skape eit godt miljø.

Dei nasjonale måla blir følgde opp gjennom indikatorar, som gir grunnlag for å vurdere korleis det går. Det er Klima- og miljødepartementet som fastset kva indikatorar vi skal måle utviklinga på. Dei faglege vurderingane av om vi er på rett veg er gjorde av Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren og Statens strålevern.

Indikatorkatalogen kan du bruke dersom du vil ha meir informasjon om indikatorane.