Lomen stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Vestre Slidre i Oppland
Datering: 1100-1200-tallet
Endringar: påbygg 1750
Sitjeplassar: 150

Lomen stavkyrkje vart bygd av tømmer som i følgje årringsanalysar vart hogd i 1179. Utvendig likna Lomen tidlegare på Borgund, men i 1749 vart ho utvida.

Spor etter dei gamle ytterveggane kan sjåast i hjørnestavane og stavlegjane. Stavkyrkja vart nytta av kyrkjelyden fram til den nye kyrkja på Høve vart innvigd i 1914. Kyrkja er utan elektrisk lys og oppvarming, og vert i dag berre bruka under spesielle anledningar - som 17. mai og olsok. I koret står foten av ein døypefont datert til 1150-1200 og på alteret ei avstøyping av eit hovud frå ein madonnafigur frå 1200-talet.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk