Lom stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Lom i Oppland
Datering: 1100-talet
Endringar: Påbygd i 1633 og 1634
Sitjeplassar: 350

Lom stavkyrkje vart bygd etter 1157/1158, og ho er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg. Midtromsstavane, koret og tre portalar er i stor grad bevarte. Ein apsis (halvrundt utbygg med kvelving bak alteret) er bygd til seinare, men denne er òg frå mellomalderen.

Frå Lom stavkyrkje har vi eit av dei få bevarte dragehovuda frå mellomalderen. Det stod på austgavlen i skipet fram til 1950-åra då det vart erstatta av ein kopi. På 1600-talet gjekk kyrkja gjennom store ombyggingar, mellom anna vart ho på grunn av plassmangel utbygd til krosskyrkje. I dag er ho i vanlig bruk som kyrkje i soknet.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk