Kvernes stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Averøy i Møre og Romsdal
Datering: Mellomalder
Endringar: Nytt, lafta kor bygd i 1633

Kvernes stavkyrkje er ei av dei yngste i landet, bygd rundt år 1300. Kyrkja er av Møre-typen, kjenneteikna av eitt eller fleire par mellomstavar i langveggene og mangel på forsterkningar i hjørne og andre bygningsledd. Dette gjer desse kyrkjene mindre stabile for sidetrykk, så utvendige skråstøttar, såkalla skorder, er naudsynt. Kvernes stavkyrkje er bygd om fleire gonger, og berre skipet er opphavleg. Etter at nykyrkja blei innvigd i 1893, gjekk stavkyrkja ut av ordinær bruk, men ho blir brukt noko til kyrkjelege aktivitetar.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk