Kaupanger stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Sogndal i Sogn og Fjordane
Datering: 1100-1200-tallet
Endringar: Kyrkja vart forlengja, skore tvers over frå taket og ned

Kaupanger stavkyrkje er ei langkyrkje med heva midtrom omgjeve av tjue stavar. Under mellomalderen vart skipet utvida mot vest med to stavar. Ho har vorte ombygd mange gonger i nyare tid, og er i dag den lengste stavkyrkja i Noreg. Kyrkja har to portalar som vart øydelagt då kyrkja fekk nytt panel i 1862. Kyrkja vert framleis nytta som soknekyrkje.

Dateringa har vore omdiskutert, men ein har teke prøvar av trevirket, og med moderne teknikkar datert det til å vere hogd kort tid etter 1137.

Etter restaureringa i 1959-1965 har bygnaden hatt ei enkel form, dekka av liggjande bordkledning. Namnet på kyrkja vitnar om at ho låg på ein handelsplass kor ein by vaks fram.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase