Høre stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Vang i Oppland
Datering: rundt 1179
Sitjeplassar: 150

Høre stavkyrkje vert datert til 1179 på bakgrunn av årringsanalysar og ei runeinnskrift på preikestolen. Innskrifta fortel at brørne Elling og Audun lét felle tømmer til kyrkja den sumaren Erling jarl falt i Nidaros. Det må då vere snakk om slaget på Kalvskinnet i 1179.

Mesteparten av stavkonstruksjonen frå mellomalderen er bevart. Kyrkja er i vanleg bruk som kyrkje for kyrkjelyden i dag. Den gamle takryttaren vart i 1870-åra flytta til inngangen til kyrkjegarden, kor han no står som portbygg.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk