Grip stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Kristiansund i Møre og Romsdal
Datering: middelalder
Endringer: utvida 1621, restaurert 1933

Grip stavkyrkje ligg i eit nedlagt fiskevær på ei øy nordvest for Kristiansund. Ho er av Møretypen, men har ikkje skorder, sjølv om ho ligg vêrhardt til. Dateringa er usikker, men fleire delar er daterte til 1300- og 1400-talet. Kyrkja er prega av ei omfattande restaurering i 1933. Inngangen i sørvest er opprinneleg, men inngangen har ei moderne betongtrapp. Kyrkja har eit altarskap frå mellomalderen soim viser Jomfru Maria, Olav den heilage og Sta. Margrethe. Det er ikkje heilårsbusetnad på Grip, men kyrkja er framleis i bruk om sommaren.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk