Eidsborg stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Tokke i Telemark
Datering: 1250
Endringar: påbygg i 1845 og 1886
Sitjeplassar: 80

Eidsborg stavkyrkje er datert til 1250. Ho er eineståande i det at tak, stolpar og veggar er heilt sponkledde. Kyrkja er ombygd mange gongar, berre skipet er opphavleg.

Bevarte dekorasjonar frå mellomalderen inkluderar eit krusifiks over koropninga, ei støypt lysekrone og to utskorne løver som sit på toppen av kvar si halvsøyle og vaktar inngangen i vest. Inne i kyrkja står ein helgenfigur av St. Nikolai av Bari, ein kopi av originalen som er på Kulturhistorisk museum i Oslo. Eidsborg stavkyrkje ligg like ved eit museum, men er i normal bruk som kyrkje.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk